Ein mann vandrar i ruinar øydelagd i Jemen-krigen
Foto: Mohammed Huwais / AFP

Jemen

Oppsummert

200.000 mennesker er døde i borgerkrigen i Jemen, ytterst på den arabiske halvøtya. I nord har houti-militsen sete i hovedstaden Sana med støtte fra Iran. I sør er det splittelse mellom separatister med kontroll i Aden og en Saudi-støttet regjering.

  • Mange drepne i kampar i Jemen

    I Jemen er minst 67 personar drepne i kampar mellom opprørarar og regjeringsstyrkar ved byen Marib.

    Det stadfestar det militære og sjukehuskjelder overfor AFP.

    – 58 opprørarar og ni lojalistar i kampar og luftangrep dei siste 24 timane, seier ei militær kjelde til nyheitsbyrået.

  • USA møter Saudi-Arabia om Jemen

    Jake Sullivan, som er president Joe Bidens tryggingsrådgjevar, skal møte Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman måndag.

    Målet med møtet er å diskutere situasjonen i Jemen, melder AP.

    Sullivan skal også møte viseforsvarsminister Khalid bin Salman, s om er broren til kronprinsen.

  • Minst 50 drept i Jemen

    I løpet av de siste par dagene har minst 50 opprørere og regjeringslojale soldater blitt drept i kampene om byen Maarib i Jemen, melder AFP.

    43 av de døde var houthi-opprørere, opplyser en militærkilde, mens en annen opplyser at minst sju regjeringslojale soldater har blitt drept.

  • Over 140 drepne i Jemen

    Over 140 menneske er drepne i kampar om Marib-provinsen i Jemen denne veka, opplyser kjelder i militæret og helsevesenet.

    Både opprørarar og styrkar knytt til den internasjonalt godkjende regjeringa i Jemen er blant dei drepne, opplyser kjelder til nyheitsbyrået AFP.

    Minst 51 er lojalistar som vart drepne i samanstøyta i den sørlege provinsen Shabwa. 93 er houthi-opprørarane, og mange døydde under luftangrep, ifølgje kjeldene.

  • Minst 50 drepne i Jemen

    Rundt 50 opprørarar og regjeringsvennlege styrkar er drepne i opptøyar i al-Bayda-provinsen i Jemen, ifølgje forsvarskjelder.

    Blant dei drepne er ein høgståande tenesteperson, opplyser ei kjelde i militæret torsdag morgon, skriv NTB.

    – Ein oberst og 19 andre lojalistar vart drepne dei siste 24 timane i kampar med houthi-opprørarar i al-Bayda-provinsen, seier forsvarskjelda, og legg til at 30 opprørarar til vart drepne.

    Houthi-opprørarane rapporterer sjeldan sjølv om slike dødstal, men tala blir stadfesta frå fleire militære kjelder.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no