Kongsberg kyrkje held ope
– I dag kjem vi til å opne kyrkja her på Kongsberg for alle som vil komme hit, som treng ein plass å vere, nokon å snakke med, nokon å vere saman med, tenne eit lys eller sitje og vere stille.
Det seier sokneprest på Kongsberg, Reidar Aasbø, til NRK.
Aasbø er også ein del av kriseteamet, og har jobba med å ta imot og varsle dei nærmaste pårørande. Han kallar det ein uverkeleg situasjon.
– Vi er fleire frå kyrkja sin stab som er tilgjengelege for folk viss dei treng nokon å prate med.