Langt fleire influensavaksinerte
På fem år har talet nordmenn over 65 år som tar influensavaksinen auka med 150 prosent. Det viser tal P4 har henta frå Folkehelseinstituttet.
I 2015 tok 23,8 prosent av dei over 65 år vaksinen mot influensa. I fjor var talet 59,7 prosent.
Helsemyndigheitene har dei siste åra hatt eit større fokus på vaksinering, skriv radiokanalen.