Isbjørnangrep-sak lagt vekk
Sysselmeisteren på Svalbard legg bort saka der ein mann blei drepen av isbjørn i Longyearbyen i fjor.
Den 38 år gamle mannen døydde då isbjørnen gjekk til åtak på teltet hans på campingplassen i Longyearbyen.
Både Arbeidstilsynet og Sysselmeisteren meiner tryggleiken ikkje var god nok. Likevel blir saka lagt bort, fordi det ikkje finst bevis for noko straffbart, seier assisterande sysselmeister Sylvi Elvedahl.