Hopp til innhold

Internett-trøbbel hos Telia

Fleire melder at internettet til Telia (tidlegare GET) er nede måndag kveld. Informasjonssjef Ellen C. Scheen stadfestar til NRK at dei opplever problem.

– Vi har dessverre ikkje så mykje informasjon å gi no, anna enn å stadfeste at vi har problem og at vi prøver å finne ut kva dei skuldast.

Dei veit ikkje kvar feilen ligg, og held på med undersøkingar no.

– Vi jobbar med saka og kjem tilbake så snart vi veit meir. Så veit eg jo også at Facebook, Instagram og fleire sosiale medium også har problem i kveld, så det er også ein faktor at vi ikkje kjem inn på dei, seier Scheen klokka 21.15.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no