Godt første halvår for Lego
Lego fekk rekordoverskot og omsetning i første halvår i 2021. Grunnen er sterk etterspurnad og gjenopning, seier leikeprodusenten, ifølge AFP.
Selskapet auka nettoresultatet med 140 prosent til 6,3 milliardar danske kroner første halvår.
Omsetninga auka med 46 prosent til 23 milliardar kroner.