Kraftig fall på børsane
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 1,8 prosent ein halvtime etter opninga måndag.
Utviklinga blir sett i samanheng med eit relativt kraftig fall på 4 prosent på Hongkong-børsen måndag. Grunnen var frykt for at den kinesiske eigedomsgiganten China Evergrande skal kollapse.
Også dei viktigaste børsane i Europa opna ned etter børsfallet i Asia.
London var ned 1 prosent, Frankfurt falt med 1,9 prosent, medan Paris opna med 1,7 prosent ned.
Det er også uro for situasjonen i USA, med frykt for inflasjon, stadig verre koronasmitte og mogelegheita for at sentralbanken begynner å trappe ned krisetiltaka.