Frankrike avlyser møte
Eit toppmøte mellom den franske og den britiske forsvarsministeren skulle finne stad til veka, men er avlyst som følge av ubåtkontrakten som blei skrota, skriv The Guardian.
Frankrike trappar dermed opp konflikten. På fredag bestemte dei å hente heim sine ambassadørane frå USA og Australia.
Australia og Frankrike signerte i 2016 ei avtale om leveransar av ubåtar verdt 40 milliardar dollar. Australia valte nyleg å gå frå avtalen, og heller inngå samarbeid med USA og Storbritannia.