Hopp til innhold

Droneangrep i Kabul drap sivile

USA stadfestar at droneangrepet i Kabul 29. august tok livet av ti sivile. Angrepet var meint å ramme fleire sjølvmordsbombarar frå ekstremistgruppa IS-K, som etter meldingane var på veg mot flyplassen.

Årsaka skal ha vore at USA gjekk til angrep på feil køyretøy. Dei skal ha spora bilen i åtte timar, og meinte sjåføren hadde tilknyting til IS-K. Sjåføren var derimot ein humanitær hjelpearbeidar, og det var medlem av familien hans saman med han i bilen. Ifølge Reuters var det sju barn blant dei drepne, den yngste to år gammal.

Angrepet var eit svar på sjølvmordsbombinga på flyplassen tre dagar før, der 180 blei drepne, deriblant 13 amerikanske soldatar.

Amerikanske soldatar sa først at dei var sikre på at dei tok dei riktige personane. I etterkant har fleire sagt til media at sivile blei drepne.

General Kenneth McKenzie kallar droneangrepet «eit feilgrep».

– Angrepet blei gjort i den alvorlege tru at det ville forhindre ein overhengande trussel mot våre styrkar og dei evakuerte på flyplassen. Det var ein feil, og eg beklagar oppriktig, seier McKenzie ifølge CNN.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no