Hopp til innhold

Ny studie: Moderna mest effektiv

Ein ny studie av dei tre koronavaksinane Moderna, Pfizer og Janssen, viser at Moderna sin vaksine er noko meir effektiv i å hindre at folk blir lagt inn på sjukehus. Det skriv CNN.

Moderna gir 93 prosent vern mot sjukehusinnlegging, medan Pfizer gir 88 prosent og Janssen 71 prosent.

– Forskjellane i vaksineeffektiviteten mellom Moderna og Pfizer-vaksinen kan skuldast høgare mRNA-innhald i Moderna-vaksinen, ulike vaksineintervall, eller moglege forskjellar mellom grupper som tok imot kvar vaksine, som ikkje blei gjort greie for i analysen, skriv forskarane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no