Hopp til innhold

Bombeeksplosjon i kyrkje i Kongo

Ei bombe har eksplodert inne i ei katolsk kyrkje i byen Beni i Den demokratiske republikken Kongo, melder AFP.

Eksplosjonen skjedde klokka 6 søndag morgon, berre ein time før ein konfirmasjonsseremoni for barn, ifølge ein lokal tenestemann.

Bomba skal ha vore heimelaga. Det er ikkje visst om eksplosjonen har forårsaka skade eller tap av liv.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no