TV 2: Jensen braut koronareglar
Siv Jensen braut koronareglane 17. mai, skriv TV 2. Til kanalen seier Jensen at dei var samla fleire enn ti personar. Totalt var dei 13 personar samla. Fem av dei var vaksinerte.
– Vi hadde ikkje fått med oss dei nye anbefalingane frå FHI om å ikkje rekna beskytta personar i talet ikkje gjaldt for Oslo. Eg beklagar dette på det sterkaste. Dersom vi får bot for dette, skal vi sjølvsagt betala den, seier Jensen til TV 2.