Hopp til innhold

Politiet vurderer å etterforske Siv Jensen etter mogeleg koronalovbrot

Tidlegare Frp-leiar Siv Jensen vedgår brot på koronareglane i forbindelse med 17. mai-feiringa heime hos mora. Politiet vurderer å etterforske.

Siv Jensen

Tidlegare Frp-leder Siv Jensen feira 17. mai saman med tolv andre i heime hos mora, mens reglene i Oslo forbyr samlingar med over ti personar. Jensen vedgår og beklagar brot på reglane.

Foto: Lise Åserud / NTB

I tillegg til Jensen var det tolv andre til stades på feiringa, skriv TV 2.

Dei gjeldande koronareglane i hovudstaden slår fast at det er forbode å samle over ti personar i private heimar.

– Vi var samla fleire enn ti personar, og fem var vaksinerte. Vi hadde ikkje fått med oss at dei nye tilrådingane frå FHI om å ikkje rekne beskytta personar i talet, ikkje gjaldt for Oslo, seier Jensen til kanalen.

– Eg beklagar dette på det sterkaste. Dersom vi får bot for dette regelbrotet, skal vi sjølvsagt betale, seier ho.

Vurderer etterforsking

Oslo-politiet stadfestar overfor NTB at dei vurderer om dei skal etterforske saka.

– Vi har sett det som kjem fram i media, og vurderer ut frå dette om det er aktuelt å opprette melding/etterforsking. Vi kjem tilbake til det – reknar med i morgon tidleg, skriv pressesjef Unni Grøndal i Oslo politidistrikt i ein SMS til NTB.

Tidlegare denne månaden vart Sylvi Listhaug valt som ny leiar av Framstegspartiet, og Jensen gjekk av etter å ha leidd partiet i 15 år.

Listhaug seier til TV 2 at ho er glad for at Jensen har lagt seg flat.

Solberg fekk bot

I mars blei det kjent at statsminister Erna Solberg (H) og familien braut smittevernreglane da ho feira 60-årsdagen på Geilo. Ho beklaga det som skjedde, og sa ho ville betale bota ho blei pålagt på 20.000 kroner.

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Bjørnar Skjæran, blei også etterforska i forbindelse med eit nachspiel på eit hotellrom i Bodø i mars.

Saka blei lagt bort fordi samlinga ikkje blei sett på som eit arrangement.

AKTUELT NÅ