Mann og kvinne brannskadde på Jæren
To personar er frakta til sjukehus i Stavanger med brannskadar i ansikt og på kroppen. Dei fekk skadane ved eit bustadhus på Orre på Jæren ved totida, men det skal ikkje ha vore brann i huset. Det er uklart korleis skadane oppstod, opplyser politiet.