Enno strid i budsjettforhandlingane
Budsjettkrangelen i EU held fram, melder AP. EU føreslår at prinsipp om demokrati og rettstryggleik skal vere blant vilkåra som avgjer om medlemsland får pengar frå langtidsbudsjettet og korona-redningspakken, noko Ungarn og Polen nektar å gå med på.