Skal forby ville dyr på sirkus
Franske styresmakter har vedteke å forby bruk av ville dyr på omreisande sirkus, melder AFP. Ifølge organisasjonen Born Free finst det allereie 384 lokale forbod mot bruk av sirkusdyr i Frankrike, men dette er den fyrste nasjonale lovendringa.