Mann terrorsikta etter knivangrep
Ein mann er terrorsikta etter at to personar blei kritisk skadde i eit knivangrep i Paris fredag, utanfor dei tidlegare lokala til Charlie Hebdo, melder AFP. Den sikta mannen er i varetekt, og fire andre personar er arresterte.