– Kan ta fleire veker å få kontroll
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier det kan ta fleire veker å få kontroll på koronautbrotet i Sarpsborg og Fredrikstad. Sjølv om kommunane gjer ein god jobb, er sjansen stor for at dei ikkje fangar opp alle tilfella, seier han.