Liten nedgang i nye føretak
Det vart etablert 14.965 nye føretak i 2. kvartal i år. Det er 1110 færre enn i 2. kvartal i fjor, melder SSB. Nedgangen i talet på nye føretak frå 1. til 2. kvartal var klårt større i år enn i fjor, men for aksjeselskapa var det vekst.