Cosby fekk avslått ankesak
Bill Cosby nådde ikkje fram i forsøket på å få gjort om dommen han sonar for seksuelle overgrep. Ankedomstolen i Pennsylvania avviste tysdag alle dei åtte ankepunkta hans. Ein talsmann for Cosby seier dei vurderer å anke til USAs høgsterett.