Mann skoten etter gisselsituasjon
Mannen som kapra ein buss i Rio de Janeiro i Brasil er blitt skoten av politiet, melder fleire lokale media. Den væpna mannen skal ha sloppe fri seks av dei 37 på bussen etter han kapra den. Det er uvisst om nokon av passasjerane er skada.