Hopp til innhold

Politiet ser alvorleg på saka

Politiadvokat Knut Meek Corneliussen seier det er viktig for folk si rettsoppfatning at mannen som blei stoppa etter ei biljakt i Molde natt til søndag no er varetektsfengsla i fire veker. Ein mann i 40-åra nekta å stoppe for kontroll etter mistanke om fyllekøyring. Han skal også ha prøvd å køyre på fleire politifolk og bilar. Politiet måtte mellom anna fyrte av skot mot bilen for å få han til å stoppe. – Vi meiner at det er ein fare for at det vil stride mot folks rettsoppfatning og skape utryggleik i samfunnet dersom han blir lauslaten. Det er ikkje ofte vi gjer dette, og det er reservert dei mest alvorlege sakene, seier Corneliussen.

Knut Meek Corneliussen
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no