Fire nye veker for Rakhmat Akilov
Stockholms tingrett har avgjort at Rakhmat Akilov, som er sikta for terrorangrepet i Drottninggatan 7. april, skal varetektsfengslast i fire nye veker. Fem menneske vart drepne i angrepet, der ein lastebil vart køyrt inn i ei menneskemengd.