Hopp til innhold

Ny toppsprinter tatt for doping

Kelly-Ann Baptiste frå Trinidad og Tobago er sendt heim frå VM i Moskva etter å testa positivt for eit forbode stoff. Det stadfestar hennar lagleiar ovanfor avisa Trinidad Express.

Baptiste tok bronse på 100 meter under førre VM i friidrett, som fann stad i Sør-Korea, og ho var ein av dei store favorittane før årets meisterskap.

Baptiste si dopingsak er berre den siste i ei rekkje dopingavsløringar denne sommaren.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no