Hopp til innhold

Ynskjer studentane tilbake: – Speler heller padel

Universitet og høgskular er opne etter juleferien. Likevel vegrar studentar seg for å reise tilbake og ha undervisning på skjerm.

Studentar utset reise til studiestaden.

LENGER JULEFERIE: Tobias Skjelle Paulsen (22) og veslebror Sindre (20) har ikkje reist tilbake til studiestadane sine Ålesund og Stord etter ferien.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

I staden for å reise tilbake Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus på Stord tar Sindre Skjelle Paulsen saka i eigne hender på heimebane.

Han har bytt ut datamusa med ein padelracket.

– I tillegg til å trene her heime får eg tent pengar som kjem godt med utpå våren. Så får eg meir tid med vener og familie før eg reiser att, seier Sindre Skjelle Paulsen.

Grunna kravet om digital undervisning for studentar, fell den praktiske halvparten av studiekvardagen hans som student i kroppsøving vekk.

Studentar utset reise til studiestaden

EIGENTRENING: – Medan all praktisk undervisning er avlyst får eg i alle fall mosjon her, seier Paulsen.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Norsk studentorganisasjon (NSO) representerer kring 240 000 studentar ved universiteta og høgskulane. Dei veit at Paulsen ikkje er aleine.

Uvisse studentar

– Mange studentar har dårlegare arbeidstilhøve på studiestaden. Det er ikkje overraskande at dei vel å forlenge juleferien når semesteret er såpass usikkert, fortel leiar Tuva Todnem Lyng.

Tuva Todnem Lund , leder norsk studentorganisasjon

UROA: Mykje digital undervisning gjev dårlegare fagleg utbyte, meiner Tuva Todnem Lyng i NSO.

Foto: Petter Larsson / NRK

I padelhallen på Lillestrøm har pulsen på dei to brørne Sindre og Tobias Skjelle Paulsen stige betrakteleg. Dagens treningsøkt nærmar seg ferdig.

Sindre er nøgd med korleis han no kan legge opp dagen sin. Men løysinga hans er derimot ikkje for alle, meiner prorektoren for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

– Mange har dårlege føresetnader for studering vekke frå studiestaden. Dei som treng å bruke dei opne biblioteka er hjarteleg velkomne. Vi oppmodar gjerne til det, seier Anne-Grethe Naustdal.

Ved Universitetet i Oslo minner rektor Svein Stølen om fordelane med å vere til stades fysisk der ein studerer.

– Her kan dei ta del i campuslivet, og ikkje minst sjå andre studentar. Eg trur studentane får eit betre liv og bidrar til betre læring ved å vere til stades på sin studiestad, seier han.

Sindre Skjelle Paulsen er ein av studentane som vert heime etter jul.

PRIORITERT: Paulsen studerer kroppsøving, ei studieretning som står tidleg i køen ved lemping av reglane for fysisk undervisning

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Skjerpa krav til undervisning

I desember stramma regjeringa inn reglane for fysisk undervisning ved høgskular og universitet.

Før jul vart anbefalingane om meir digital undervisning inn i det nye semesteret eit krav.

Det betyr at fysisk undervisning berre skal skje når studentane er heilt avhengige av det, til dømes ved forsøk eller arbeid på lab og naudsynt praksis.

Kunnskapsdepartementet opplyser at kravet skal vurderast på nytt neste veke.

– For at studentane skal kunne planlegge, har vi sagt at undervisninga vil vere digital ut januar. Håpet er likevel at smitten går ned slik at vi kan få dei tilbake i førelesingssalane tidlegare, seier prorektor Naustdal ved HVL.

– Vi veit òg at mange studentar set pris på at studiestadane i alle fall er opne, fortel studentlairen Tuva Todnem Lyng.

Studentar utset reise til studiestaden

EIGENTRENING: – Medan all praktisk undervisning er avlyst får eg i alle fall mosjon her, seier Paulsen.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Kroppsøvingsstudenten har derimot ikkje noko hast med å kome seg frå heimstaden Lørenskog til Stord.

– Eg får meir ut av tida her i ein padelhall. Så er det jo lett å nedprioritere den teoretiske delen av studiet medan alt føregår på skjerm, vedgår Sindre Skjelle Paulsen.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ