Hopp til innhold

Vil ha fossilfri kollektivtransport innan seks år

Regjeringa vil ha fossilfri kollektivtransport innan seks år, men får kritikk for at dei nye handlingsplanane for å klare det ikkje er konkrete nok.

Ruters nye elbusser som skal settes inn i testkjøring i Oslo ble vist frem og prøvekjørt torsdag.

OMSTILLING: Regjeringa seier kollektivtransporten skal vere fossilfri innan 2025. For å få det til har dei lansert to handlingsplanar.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Dei ferske handlingsplanane skal få kollektivtransporten til å bli fossilfri innan 2025 og kjappare få nullutsleppsløysingar i fleire delar av transportsektoren.

– Viss vi skal nå klimaforpliktingane våre innan 2030, må vi gjere det på ein måte kor det lønnar seg å velje miljøvennleg og klimasmart, sa samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Han vil ha med seg næringslivet på omstillinga.

– Vi må gjere det slik at private bedrifter finn det lønnsamt å tilby nye teknologiske løysingar.

Frps holder ekstraordinært møte om bompenger.

FLEIRE TILTAK: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) fortel at handlingsplanane inneheld fleire nye tiltak. Kritikarane er ikkje einige og meiner at dei berre summerer opp politikken i dag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Saman med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) heldt Dale ein pressekonferanse ved ein ladestasjon på Mortensrud i Oslo måndag morgon. Dale sa på pressekonferansen at bakgrunnen for handlingsplanane er at regjeringa har eit mål om å få ned klimagassutsleppa i transportsektoren.

– Vi treng nullutsleppsløysingar på fleire delar av transportsektoren, sa Dale til dei som hadde møtt opp.

Han sa vidare at handlingsplanane summerer opp mange av tiltaka regjeringa har sett i gang, men også peiker på nye verkemiddel dei vil ta i bruk.

Skuffa over planane

Teknologiansvarleg i miljøstiftinga Zero, Marius Gjerset hadde forventa meir av handlingsplanane.

– Vi hadde forventa meir konkrete verkemiddel for å nå dei gode måla om fornybar og utsleppsfri transportsektor innan 2025. Vi er skuffa over at det ikkje har komme meir frå regjeringa, seier han.

Marius Gjerset

SKUFFA: Marius Gjerset i miljøstiftinga Zero meiner det trengst krav om betre finansiering og at alle som sel drivstoff må bygge ut ladestasjonar for elbilar.

Foto: Zero

Kva må til for at ellading og biodrivstoff skal bli lønsamt å satse på for bensinstasjonar framover?

– Det trengst betre finansiering og eit krav til alle som sel drivstoff om å bygge ut ladestasjonar for elbilar, seier Gjerset.

Heller ikkje Petter Haugneland i Norsk elbilforeining er fornøgd med tiltaka i handlingsplanane.

– Vi er skuffa. Planane har ikkje nokre nye tiltak, men er ei oppsummering av politikken i dag.

Han seier til NRK at Norsk elbilforeining i vår kom med fleire konkrete innspel om utbygging av hurtiglading i heile landet.

– Her har ikkje regjeringa følgt opp med konkrete tiltak, seier Haugneland.

Petter Haugneland

IKKJE NØGD: Petter Haugneland i Norsk elbilforening vile ha 1000 hurtigladestasjonar i året innan 2025, og saknar at handlingsplanane set eit mål om dette.

Foto: NRK

De har bedt om minst 1000 hurtigladarar i året før 2025? Kor mykje står att?

– Vi ligg bakpå. Elbilsalet står snart for 50 prosent av marknaden. For å kunne ta hand om alle dei nye elbilane som kjem på vegane, må det til høgare takt i utbygginga.

Ingen fossile bilar

– Vi er i ein klimakrise. Vi skal redusere våre utslepp, sa Ola Elvestuen på pressekonferansen.

Regjeringas mål er å halvere utsleppa innan transport med 50 prosent før 2030 og at berre nullutsleppsbilar blir selde i personbilmarknaden i Noreg innan 2025.

Ola Elvestuen

ENOVA ER VIKTIG: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen seier at å styrke Enova er eit av dei viktige tiltaka regjeringa nå gjer for å sikre ei god omstilling av transportsektoren.

Foto: Terje Solsvik / Reuters

Elvestuen er tydeleg på kva som må til.

– Vi må ha ladestasjonar som dekker heile landet. Då må det vere eit samarbeid mellom det private og offentlege, der det private tar hovuddelen av satsinga.

Kor mykje pengar har de sett av til dette?

– Det er i utgangspunktet alvorleg mykje pengar i spel via dei ordinære budsjetta. Det følger ikkje direkte pengar til desse handlingsplanane, for det er ikkje der det trengst. Nå treng vi å bruke for eksempel det verkemiddelet Enova er på infrastruktur for lading, seier samferdsleminister Dale til NRK.

De får ein del kritikk for å vere for lite konkrete i planane. Kva seier du til det?

– Det fleire nye konkrete tiltak i planane som førar oss vidare. Skal vi lykkast med å få ned klimagassane, treng vi eit breitt sett med verkemiddel. Det handlar desse handlingsplanane om.

AKTUELT NÅ