I Soria Moria-erklæringa frå 2005 heitte det:
"Regjeringa vil avgrense omfanget av avtalar mellom regionale helseføretak og private kommersielle sjukehus"
No seier kjelder i regjeringa til NRK at private sjukehus og helsetilbod skal brukast når det er føremålstenleg for å få ned helsekøane.
Vanskeleg for SV
Det kjem til å bli vanskeleg for SV, men den omstridde setninga frå Soria Moria I skal bort, blir det opplyst.
Dette grepet blir teke for å få bort helsekøane. Dei siste åra har helsekøane vakse, det er no over 250.000 menneske i ei eller anna form for helsekø.
Eitt av dei private tilboda som kan nyte godt av denne snuoperasjonen er det private selskapet Capri sitt tilbod til anoreksi-pasientar i Fredrikstad.
Nedleggingstrua tilbod
Dei opplever at behovet er stort for tilbodet deira, men at dei har berre halvparten så mange pasientar som dei kunne ha hatt. Lenge har det vore frykt for at dei kan måtte leggje ned.
Ein pasient fortel til NRK at ho kjende seg som ein kasteball i systemet i det offentlege, og at ho i løpet av dei 19 åra ho har slite med matforstyrringar har hatt 50 ulike behandlarar.
- Hadde eg ikkje kome inn på Capio, hadde eg ikkje sete her i dag, for å seie det slik.
På rett veg
Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, seier dette er eit steg i rett retning av regjeringa, og at det no kan bli lettare å samarbeide med regjeringa om helsepolitikken.
Han meiner det er viktig at dei private helseføretaka no får forutseielege rammevilkår.
Han peikar på at dei private sjukehusa seier dei kan behandle 25.000 fleire pasientar kvart år, og dette er noko som først og fremst vil kome pasientane til gode.