Hopp til innhold

Vestland Ap vil ha lokal vetorett mot vindkraft

Fylkeslaget i vest vil at kommunane skal ha det siste ordet når vindmølleparkar skal bli bygd. Det bles opp til vinddebatt på landsmøtet til Arbeidarpartiet.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet, Fitjar

Vindkraftanlegget på Midtfjellet i Fitjar kommune i Hordaland.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi kan ikkje sitte i eit lukka rom på Stortinget eller andre stadar og bestemme når det er lokalbefolkninga som først og fremst er nøydde til å ofre noko, seier fylkesleiar i Vestland Ap og Bergensordførar Marte Mjøs Persen til NRK.

Fylkeslaget har sendt inn ei rekke endringsforslag til distriktsutvalets innstilling som skal vedtakast på landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga.

Fire av forslaga handlar om vindkraft. Det første slår fast at kommunar skal ha tilnærma vetorett for kommunar når det gjeld utbygging av vindkraft:

«Kriteria for å tillate vindkraftutbygging må inkludera aksept frå råka kommunar i tillegg til natur- og miljøfaglege vurderingar, tilgang til eksisterande nett og andre forhold», skriv Vestland Ap.

Marte Mjøs Persen

Marte Mjøs Persen er ordførar i Bergen og fylkesleiar i Vestland Ap.

Foto: Elise Angell / NRK

– Det er ikkje tvil om at dei på Vestlandet har ofra mykje allereie for fornybarsamfunnet, seier Persen.

Ja til havvind

Ho er bekymra for urørt og sårbar natur. Derfor meiner Vestland Ap det er viktig at partiet er tydeleg på at det er havvind, ikkje vindmølleparkar på land, som er framtida.

– Det er der vi kan bruke kompetanse og teknologien frå olje-gassektoren. Havvind kjem til å gi nye arbeidsplassar, samtidig som det gir grunnlag for både delelektrifisering av norsk sokkel og reduksjon av CO₂-utslepp, seier Persen.

Arbeidarparti meiner at utbygging av vindkraft i hovudsak skal skje til havs.

Framlegg, Vestland Ap

Helst ønskjer fylkespartiet at godkjenning av nye vindmølleparkar skal vente fram til det er utarbeida ein nasjonal plan for vind- og vasskraft.

Barth Eide: Ikkje anten-eller

Espen Barth Eide, energipolitisk talsperson for Ap på Stortinget, støtter Vestland Arbeidarparti sine visjonar for norsk vindkraftutbygging til havs. Han trur flytande havvind vil bli «det neste store energieventyret for energinasjonen Norge».

– På sikt meiner eg at vi bør satse mykje meir på utbygging av havvind utanfor norskekysten, seier han.

– På sikt, seier du. Kva betyr det for vindkraft på land no?

Espen Barth Eide

Espen Barth Eide er energipolitisk talsperson for Ap.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Du får ikkje til store havvindparkar i overmorgon, så det kjem til å komme ein del vind på land før det. Det er ikkje eit anten- eller. Men vi bør lage ein nasjonal strategi for å bygge mest mogleg av vindkrafta vår til sjøs.

På spørsmål om kommunane bør ha det siste ordet, svarer Eide at målet må vere at kommunane blir involvert og høyrt i størst mogleg grad. Men noko absolutt vetorett trur han ikkje på. Når det kjem til prosjekt som involverer fleire kommunar, seier han at «alle må gje og ta for å få det til å verke».

– Det vil vere kommuneoverskridande prosjekt der fylke og stat også må komme inn. Men at det må forankrast i kommunen, det trur eg er viktig og riktig.

Det er landsmøtet i helga som avgjer om Vestland Ap får resten av partiet med seg.

– At kommunane på ei eller annan måte har innflytelse på desse utbyggingane, er det stor einigheit om, seier fylkesleiaren i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen.

Bør kommunane ha større medråderett enn dei har i dag?

– Det blir spørsmålet. Forslaget frå Vestland Ap handlar om ein aksept, altså indirekte at kommunane skal kunne legge ned veto for slike prosjekt. Det er noko vi i Møre og Romsdal må diskutere. Det er ei aktuell problemstilling langs heile kysten, så eg forstår at saka kjem opp på landsmøtet.

AKTUELT NÅ