Fleire har verkeleg fått kjenne på at matvareprisane har auka den siste tida.
I fjor auka dei med 10 prosent, noko som er den høgaste årsveksten på over 40 år.
Samstundes håva Norgesgruppen – den største daglegvareaktøren i Noreg, med butikkane Kiwi, Spar, Meny og Joker – inn pengar. Etter skatt, sat daglegvaregiganten igjen med 3,4 milliardar kroner, mot 2,8 milliardar i 2022. Det viser årsresultatet.
Og resultatmarginen auka frå 2,8 prosent i 2022 til 3,1 prosent i 2023 – som betyr at dei hadde større vekst i inntektene enn utgiftene.
– At dei kan auke marginane i den dyrtida vi er inne i er overraskande, og viser at dei er i utakt med både forbrukarar og bønder, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.
Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.
Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK– Det viser at det openbert er meir lønnsamt å selje maten enn det er for oss bønder å produsere den. Det er berre daglegvarekjedene som har ansvar for å sette prisane i butikkane.
– No er det vår tur
Heller ikkje John Thomas Suhr er redd for å bruke store ord om marginane til Norgesgruppen. Han er leiar for fagforeininga Handel og Kontor i Oslo og Akershus, og organiserer mange av dei som arbeider i daglegvarebutikkane.
– Matvareprisane har vore altfor høge. Det er ganske usmakeleg når vanlege folk ikkje har hatt reallønnsvekst på åtte år, seier Suhr om marginauken.
Fagforeiningsleiar i Handel og Kontor Oslo-Akerhus, John Thomas Suhr.
Foto: Snorre Tønset / NRKHan peiker på at tilsette i varehandelen hadde ein lønnsvekst på 3,9 prosent i fjor, medan prisane samla sett steig 5,5 prosent.
Årsresultatet til Norgesgruppen gjer at han har høge forventingar til årets lønnsoppgjer.
– Når vi veit at vi har kome så dårleg ut, samstundes som det er så mykje pengar som hopar seg opp hjå eigarane i ein bransje leverer noko så samfunnskritisk som mat. Korleis vi kan tillate det, stiller eg spørsmål ved, seier Suhr, og held fram:
– Her er det pengar og no er det vår tur.
– Feil
Kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud seier på si side at den auka marginen ikkje skuldast at dei tener meir på matvarene dei sel.
– At vi tener meir på høge matprisar er feil. Varefortenesta vår er 1,5 prosentpoeng lågare i 2023 enn i 2022, seier Rømmerud.
Han vil likevel ikkje seie kva talet på varefortenesta var i 2022, då det ifølgje han er konkurransesensitivt.
Konserndirektør for kommunikasjon, Stein Rømmerud, i Norgesgruppen.
Foto: Ola Hana/NRKRømmerud står fast på at innkjøpsprisane deira ikkje vart skyvde ut på kundane.
– Den auka marginen skuldast at vi hadde langt fleire kundar i butikkane våre, som gjer at talet varer vi sel går opp. Vi har hatt dei same kostnadane, men auka volumet. Samstundes har vi hatt lågare straumkostnader og blitt meir effektive, både med automatlager og logistikk, seier Rømmerud.
– Kvifor lét de ikkje dette kome kundane til gode med å presse ned prisane i eit så spesielt år?
– Eg vil hevde at det er det vi har gjort. Vi har køyrt hardt på pris, spesielt Kiwi, som valte å ikkje auke prisane 1. februar i fjor, seier Rømmerud.
– Matvareprisane hadde vore enda høgare i fjor om det ikkje hadde vore for det arbeidet.
– Er de førebudde på tøffe lønnsforhandlingar etter eit slikt årsresultat?
– Alle lønnsoppgjer er prega av intense forhandlingar, seier Rømmerud.
Økte matpriser
Sammenligningen av matvarepriser og lønnsutviklingen sier noe om du får mer, mindre, eller like mye for pengene.
Når utviklingen på matvarepriser er høyere enn lønnsutviklingen betyr det at maten har blitt dyrere. Begge tallene er gjennomsnitt for angitt periode.
Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
Oppmoda om å vise samfunnsansvar
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) forklarer at han oppmoda alle daglegvareaktørane om å vise samfunnsansvar i møte med dyrtid, der mange slit med å få endane til å møtast.
– Eg oppmoda dei sterkt om å ikkje auke prisane med eitt øre meir enn naudsynt for å dekke kostnadsveksten. Så vil rekneskapstala no kome ut, og då vil ein jo sjå kva slags aktørar det er som har følgt oppmodinga og kven det eventuelt er som ikkje har gjort det, seier Vestre.
I fjor sette næringsministeren i gang eit større arbeid for å finne ut kven det er som faktisk tener pengar på dei auka matvareprisane.
Konkurransetilsynet er venta å kome med resultat av ei kartlegging av marginane i bransjen om ein månads tid.
– Den kunnskapen skal vi bruke til å eventuelt sette inn nye tiltak som kan bidra til betre konkurranse. Då vil du og eg oppleve betre utval i butikkane til lågare pris, seier Vestre.