Hopp til innhold

Ventar motreaksjon frå Russland: – Fare for å gå tom for diplomatar

Ein motreaksjon frå Russland kan gjere at vi ikkje har nok personell for å sikre ein dialog med landet i aust, meiner ekspertar.

Den russiske ambassaden i Oslo

OSLO: 15 tilsette ved den russiske ambassaden er erklærte som uønskte i Noreg.

Foto: Tomm W. Christiansen / NRK

Torsdag blei det kjent at 15 personar ved den russiske ambassaden er erklærte som uønskte i Noreg. Ifølge norske myndigheiter er dei 15 personane russiske etterretningsoffiserar.

I april i fjor blei tre russiske diplomatar utvist frå Noreg. Også den gongen fordi dei blei antatt å vere etterretningsoffiserar. Då svarte Russland med å utvise tre norske diplomatar.

Ein tilsvarande motreaksjon denne gongen kan gjere at vi mistar store delar av det diplomatiske personellet vi har i Russland.

– Russarane har omtrent 40 diplomatar i Noreg. Når 15 no blir utviste så det er eit ganske stor jafs, fortel Iver Neumann, forskar på diplomati ved Fritjof Nansens institutt.

Etter det NRK er kjende med er det no 19 norske diplomatar i Russland.

Viss Russland utviser like mange som Noreg har utvist, vil det altså vere få norske diplomatar igjen i Russland

Iver B. Neumann, Fridtjof Nansens institutt

Iver B. Neumann forskar på diplomati ved Fridtjof Nansen institutt.

Foto: Jan Dalsgaard Sørensen

– Fare for å gå tom for diplomatar

– Russarane kjem no etter alle solemerke til å utvise norske diplomatar frå ambassaden i Moskva. Der har jo vi færre, så vi står i fare for å gå tom for diplomatar viss dette held fram. Skal dei utvise 15, blir det tynt der borte, fortel Neumann.

Iver Neumann meiner det er heilt avgjerande at Noreg klarar å halde ein dialog med Russland.

– For å ha den kontakten og vere informert om kva som skjer i Russland, må ein ha eit visst antal menneske som jobbar for der. Fire stykke i det store nabolandet i aust er for lite, fortel han.

– Vi har ei grense, vi har ein samtale som må haldast oppe. Sjølv om det er på veldig lågt nivå så må det haldast oppe. Forholdet mellom Noreg og Russland ... vi må vel tilbake 100 år, til den russiske revolusjonen, før det har vore dårlegare, avsluttar han.

Tom Røseth

Tom Røseth er førsteamanuensis ved forsvarets stabsskule.

Foto: Trygve Heide / NRK

Etterretning kan verke stabiliserande

Tom Røseth, hovudlærar i etterretning ved Stabsskolen, meiner i likskap med Neumann at det er sannsynleg at Russland vil kome med ein tilsvarande motreaksjon.

Det vi ender opp med er at vi får mindre diplomatisk personell i Moskva, og det aukar faren for misforståingar, seier han.

Røseth meiner etterretning potensielt kan gjere forholdet mellom to statar meir stabilt:

Etterretning kan ha ein stabiliserande verknad mellom to statar, fortel han.

– Fordi det minskar fara for misforståingar: ein veit meir om motstandaranes intensjon, fordi ein har relativt god kontroll på motstandarens rørsle og vilje til å utføre ulike handlingar, fortel han.

Stian Bones, professor i historie ved UiT

Stian Bones, professor i historie ved UiT

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Fleire enn i Treholt-saka

Professor i historie ved UiT, Noregs arktiske universitet, Stian Bones var sjølv overraska over kor mange som har blitt erklærte som uønskte.

– 15 stykke er ganske mange i norsk samanheng.

Han forklarer at fem personar blei sendt ut og fire blei erklærte persona-non-grata under Treholt-saka. Altså seks mindre enn no.

Bones trur at det kan komme utsegn frå russisk politisk hald, eller frå det russiske utanriksministeriet.

– Dei kan vere av ein sånn art, at det er ganske kraftig kost. Men først og fremst er dette eit symptom på eit nedkjølt forhold mellom Noreg og Russland.

Bones trur likevel at begge landa framleis har ein vilje til å føre vidare eit praktisk samarbeid om visse spørsmål i nord.

Les også Fra kaldt til iskaldt

Lavrov og Støre

AKTUELT NÅ