Hopp til innhold

Vi kan vente oss flykaos - stengde barnehagar og tomme minibankar

Sjølv om LO Stat og YS Stat har avslutta streiken, så er framleis nesten 40.000 arbeidstakarar i konflikt. Og streiken skapar stadig større problem for samfunnsmaskineriet.

Gardermoen

Det er frykt for at streiken kan føre til lange køar på Gardermoen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Hovudkonklusjonen er at dei gruppene som gir store verknader for publikum, framleis er i streik. Det gjeld vektarar, politi, meteorologar, barnehagetilsette, lærarar, tilsette ved sjukeheimar og sjukehus og renovasjonsarbeidarar.

Arne Johannessen

Forhandlingsleiar for Unio stat, Arne Johannessen, er ikkje nøgd med tilbodet frå staten.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Det har hittil ikkje kome signal om nye forhandlingar som kan få slutt på streikane.

I LO kommune er 24.747 tilsette i streik, medan 12.134 Unio-tilsette ikommunane også er i konflikt. I YS kommune er 934 tekne ut i streik. KS er arbeidsgivarorganisasjonen som forhandlar på vegner av alle norske kommunar, minus Oslo.

Viktige yrkesgrupper i staten som framleis streikar er politiet og meteorologar.

Arbeidsgrupper som no går tilbake til arbeidet er dei av losbåtførarane som er organiserte i YS Stat, tilsette i diverse departement, fengselstilsette, NAV-tilsette og tilsette i skatteetaten.

LES OGSÅ: YS Stat: Det lønte seg å streike!

LES OGSÅ: YS og LO godtok skissen, Unio fortsetter streiken

Fly og minibankar

Vektarstreiken kan føre til kaos i flytrafikken og gi tomme minibankar i løpet av kort tid.

Fredag kveld gjekk 1800 vektarar frå Norsk Arbeidsmandsforbund ut i streik, og det er venta at dette vil føre til store problem for flytrafikken. I går kveld var det ikkje problem på Gardermoen, og heller ikkje i føremiddag er det meldt om lange køar i tryggingskontrollen.

Ved Oslo Lufthamn Gardermoen er 149 vektarar tekne ut i streik, slik at kapasiteten ved kontrollen er halvert. Den første store testen blir truleg søndag ettermiddag og kveld.

Alle passasjerar er bedne om å møte opp i god tid, og informasjonssjef Jo Kobro opplyser at dei har fylgt rådet. Det er ingen problem i tryggingskontrollen.

I ettermiddag har det likevel dukka opp eit anna problem. Det er for få flygeleiarar på jobb ved kontrollstasjonen i Røyken, og det kan føre til forseinkingar ved hovudflyplassen utover kvelden. Jo Kobro opplyser at dette kan føre til forseinkingar på mellom 30 og 60 minutt.

LES OGSÅ: Ingen problemer for reisende på Gardermoen

Over heile landet

Ved Bergen lufthamn Flesland er 40 vektarar tekne ut i streik, ved Stavanger lufthamn Sola 40 vektarar, ved Trondheim lufthamn Værnes 40 vektarar og 40 vektarar er også i streik ved Tromsø lufthamn Langnes.

I tillegg er vektarar over heile Østlandsområdet i streik, noko som etter kvart kan føre til at minibankar går tomme for kontantar. Finansnæringens hovedorganisasjon oppmodar alle om å betale i kortterminalar i butikkane, utan å gå vegen om minibankar.

Butikkane sine kortterminalar er ikkje ramma av streiken, berre bankane sine minibankar. I første omgang er det Austlandet som er ramma, men streiken blir utvida til Vestlandet og Agderfylka frå måndag morgon.

Då vil flyplassane i Haugesund, Ålesund, Kristiansund, Alta, Bodø og Sandnessjøen bli ramma.

Tredje opptrapping

Onsdag 6. juni er det varsla ei tredje opptrapping. Då vil 50 nye vektarar bli tekne ut i streik på Gardermoen. Streiken blir også trappa opp på Sola, Flesland og Værnes med 10 nye vektarar på kvar flyplass. Samstundes blir flyplassane i Førde og Leknes ramma av streiken.

UNIO -tilsette er i streik på tre felt: Staten, KS-området og Oslo kommune, som er eit eige tariffområde: Organisasjonen har medlemer i streik i Tromsø, Trondheim, Ålesund, Bergen, Askøy, Sandnes, Kristiansand, Larvik, Drammen, Asker, Oslo og Lillehammer.

UNIO har varsla opptrapping av streiken i Oslo frå førstkomande tysdag, og opptrapping i staten frå torsdag 7. juni.

Fagforbundet har vore i streik sidan 24. mai. Frå onsdag 6. juni blir streiken trappa opp med 6142 nye medlemer, og 18 nye kommunar blir ramma.

Her er UNIO i streik

Unios streikeuttak 24. mai og 30. mai

Fagforbundet

AKTUELT NÅ