Hopp til innhold

Valdeleg demonstrasjon på den iranske ambassaden: – Har kontroll

Fleire personar prøvde å ta seg inn på den iranske ambassaden i Oslo. Politiet har arrestert 85 personar. Fleire får behandling av ambulanse etter at politiet brukte tåregass.

Demonstranter blir arrestert utenfor Irans ambassade.

ARRESTASJON: Politiet har arrestert 85 personar etter demonstrasjonar utanfor den iranske ambassaden i Oslo torsdag.

Torsdag føremiddag fekk politiet melding om ein umeld demonstrasjon utanfor den iranske ambassaden i Oslo.

– Nå har me kontroll ved ambassaden. Det er ingen demonstrantar inne på ambassadens område, seier operasjonsleiar Bjørn Gunnar Nysæther til NRK.

Politiet har arrestert 85 personar etter demonstrasjonen. Ni av desse er arrestert for skadeverk mot ambassadens område og/eller vald mot politiet.

Rundt 90 personer arrestert under demonstrasjon foran Irans ambassade.

85 personar er arrestert etter demonstrasjon ved Irans ambassade i Oslo.

Foto: FOTO: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Nysæther fortel at dei som nå er arrestert vil vera mistenkt for å ikkje følga politiet si ordre på staden.

Minst to personar er lettare skadd med luftvegsproblem etter å ha pusta inn tåregass.

Politiet brukte tåregass for å få kontroll på demonstrantane. NRKs reporter på staden har sett fleire få behandling av ambulanse.

Politimann med gassmaske utenfor den iranske ambassaden i Oslo

Politimann med gassmaske utanfor den iranske ambassaden i Oslo.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Varsla ny demonstrasjon

Klokka 17.00 er det varsla ein ny demonstrasjon utanfor ambassaden.

– For vår del tenker me at me er allereie på staden, og me tar vare på sikkerheita til ambassaden, seier Nysæther.

Kor mange som vil delta på denne markeringa er ukjend, men politiet vil vera på staden.

Rundt 90 personer arrestert under demonstrasjon foran Irans ambassade

Demonstrant blir arrestert utanfor Irans ambassade i Oslo.

Foto: FOTO: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Død over Iran

Politiet veit ikkje kven som står bak demonstrasjonen, men seier det er rundt 100 personar på staden. Fleire vaier med kurdiske flagg.

– Død til den islamske republikken Iran, ropa ein av demonstrantane.

– Me står opp for våre martyrar som blei drepne i Koya. Viss me får bot på grunn av dette, så får me bot. Me kjemper ei verdig sak.

Koya er ein by i regionen Kurdistan i Nord-Irak, som i går blei angripe av Iran.

Andre ropa «Kvinner, livet og fridom» på kurdisk, fortel NRKs reporter ved ambassaden.

Demonstrasjon Irans Ambassade

Ein person viser fredsteikn med handa utanfor den iranske ambassaden i Oslo.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

På ein tidlegare direktesendt video på Facebook ropar ein av demonstrantane «Lenge leve Kurdistan».

Prøvde å ta seg inn på ambassaden

Rett før klokka 14.00 begynte demonstrantane å bli meir utagerande, der fleire prøvde å ta seg inn i ambassadebygget.

Operasjonsleiar Stokkli fortel at dei byrja å kasta stein mot ambassaden.

Politiet har fleire ressursar på staden.

den iranske ambassaden

Fleire personar har prøvd å ta seg inn på Irans ambassade i Oslo under ein ikkje-meld demonstrasjon.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Uakseptabelt

Førre veke samla fleire hundre personar seg i Bergen og Oslo for å demonstrera for kvinner sine rettar i Iran.

Det har vore sterke internasjonale reaksjonar etter at minst 50 menneske skal ha blitt drepne i opptøyar i Iran den siste veka.

Demonstrasjonane braut ut etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i moralpolitiet si varetekt for rundt to veker sidan.

Amini blei set i varetekt for å bera hijaben sin feil.

Les også: Store Iran-demonstrasjonar i Oslo og Bergen: – Håpar dette er revolusjonen

Stortingspresident Masud Gharahkhani skriv i eit innlegg på Facebook at han forstår at saka engasjerer og at mange føler seg makteslause.

– Men alle som står opp for demokrati og ytringsfridom i Noreg må respektera våre demokratiske spelereglar. Dersom det stemmer at nokon tyr til vald, er det uakseptabelt, skriv Gharahkhani.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger