Hopp til innhold

Vaksinane er testa på dyr – veganarar må fire på krava

Veganarar skal unngå mat av eller frå dyr. Kva gjer ein når løysinga på pandemien er ein koronavaksine testa på dyr?

Pernille Hoff Quirk og Silje Wilhelmsen har begge tatt koronavaksinen sjølv om dei er testa på dyr.

KONFLIKT: – Når ein vel vekk animalske produkt seier ein til samfunnet at det de gjer er feil. Det kan vere vanskeleg å stå i, meiner Pernille Hoff Quirk og Silje Wilhelmsen (t.h.).

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Utover at dei er testa på dyr, er det mange medisinar som har animalske komponentar eller ingrediensar frå dyr. Til dømes gelatin, som ofte er framstilt av svin.

NRK har snakka med fleire veganarar som ikkje har droppa vaksinen.

– Det er ein rett og ein plikt. Vi vil trygge kvarandre og ta vare på samfunnet, så vi har jo tatt vaksinen, seier Silje Wilhelmsen.

Ho og venninna Pernille Hoff Quirk (26) reflekterer rundt den veganske livsstilen deira. I seks og tre år har dei utelukkande ete plantebasert, og unngår etter beste evne spor av dyr i produkt dei kjøper.

Målet er å redusere lidinga for dyr mest mogleg.

– Og menneske er jo dyr, forklarar Pernille.

Ei etisk problemstilling

Som medisinstudent er ho oppteken av etikken i faget.

Pernille rettferdiggjer sine eigne vaksinestikk med ein vaksine testa på dyr ut frå nyttemaksimering.

– Om ein testar på 1000 dyr og reddar ein million menneskeliv har vaksinen avverja meir liding enn han har påført, seier ho.

Pernille Hoff Quirk med Instagram-bevis på koronavaksinering.

GLAD: Pernille Hoff Quirk vart fullvaksinert i mai 2021. Sidan har ho fylt på med ein oppfriskingsdose.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Animalske ingrediensar i anna medisin kan ein unngå.

– Eg sa til legen at eg er veganar, og då hjelpte ho meg å finne eit alternativ utan. Det er ikkje alltid mogleg, men ofte kan ein velje vekk ikkje-vegansk medisin, seier Silje.

Svært strenge krav

I Noreg er det Statens legemiddelverk som godkjenner medisinar for bruk. Fagdirektøren for vaksinar, Svein Rune Andersen, seier dyretesting er heilt naudsynt.

– Kravet om dyretesting er for å vareta tryggleiken til deltakarane i dei kliniske studiane, grunngjev Andersen.

Dei internasjonale retningslinene for slike forsøk er laga av Verdsorganisasjonen for helse (WHO). Med dei skal ein oppdage om nye vaksinar kan ha negative effektar som organ- eller vevsendring i dyr.

Svein Rune Andersen, fagdirektør for vaksinar i Statens legemiddelverk.

UTVIKLING: Fagdirektør for vaksinar i Statens legemiddelverk, Svein Rune Andersen, seier at legemiddelindustrien no arbeider med å erstatte animalske ingrediensar i medisinar.

Foto: Statens legemiddelverk

I tillegg er det viktig å vite om vaksinen i det heile tatt klarer å gje ein immunreaksjon, og ha ynskt effekt i menneskekroppen han skal injiserast i.

– Spesielt i Europa har vi svært strenge reglar for forsøk, mellom anna knytte til tilgang på mat og nok plass, forklarer Andersen.

I 2020 vart det brukt over 50 000 mus i forsking og forsøk i Noreg, skriv Mattilsynet i sin årlege rapport.

Fagdirektøren trur at sjølv om ein etter kvart kan teste nye vaksinar på andre måtar, vil ein ikkje droppe forsøk med dyr.

– Nei, vi blir nok ikkje heilt kvitt dyretesting av vaksinar. Ein må ofre nokre dyr for å vareta tryggleiken til menneska, seier Andersen.

Vaksinering er i tråd med livssynet

For dei som ynskjer å leve plantebasert finst det no eit norsk livssynssamfunn. Sjølv om dyretesting bryt med eitt grunnleggjande prinsipp, tilrår dei å ta ein, to og tre dosar for laget.

– Det å ta koronavaksinen bidrar til å redusere og å unngå liding for andre og seg sjølv. Det er det veganismen handlar om, seier styremedlem Henrik Kjellmo Larsen i Norsk vegansamfunn.

Silje Wilhelmsen er sjølv medlem. Ho meiner at å forklare vaksinenekt med veganisme er rart.

– Det er nok andre ting som ligg til grunn. Tenk deg nøye om, for dei som kan ta vaksine bør framleis ta vaksine, seier Wilhelmsen.

Hei!

Har du kommentarar til denne saka, eller tips om andre ting eg burde skrive om?

AKTUELT NÅ