Hopp til innhold

Berre fire prosent åt veggis-mat julaftan

Mormor Berit gjer som 96 prosent av nordmenn: Ho et mat frå dyr på julaftan. Bør dei som vel annleis laga maten sin sjølv?

Mats og Berit på butikken

GRØNSAKER: Mats Torsvik og mormor Berit Tviberg Eriksen i frysedisken.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

– Lutefisken så veldig fin ut, eg må ha ein kilo. Det kan du ete? spør mormor.

– Neeei, svarar Mats, og dreg på det.

– Men du et jo fisk?

Mats Torsvik og mormor Berit Tviberg Eriksen handlar mat til jul. Mats prøvar å unngå å kjøpa animalske produkt.

Årets jul blir den fyrste der han vil halda seg unna kjøt.

– Akkurat no driv eg og ser litt på korleis eg skal løysa det. Kanskje skal eg laga mi eiga nøttesteik, seier Torsvik.

Mormor Berit Tviberg Eriksen er derimot fast bestemt på at ho skal eta pinnekjøt på julekvelden.

Det gjer også 37 prosent av befolkninga i Noreg, ifølgje ei undersøking som er gjennomført for MatPrat, opplysningskontoret for egg og kjøtt.

– Eg hadde hatt problem om eg skulla ha jul med berre grønt.

Men ho aksepterer barnebarnet si kjøtfrie jul.

Mats og Berit på butikken med vogn, høydeformat

Mats har nettopp lagt ein pakke butterdeig i handlekorga. Butterdeig er brukt i mange oppskrifter på nøttesteik.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

– Det kan han laga, det er heilt greitt, seier mormor Berit Tviberg Eriksen.

– Men viss han skulle ete hos meg, måtte han ha laga maten sjølv, seier ho.

Har mista lysta på kjøt

Mats er einig i at han bør laga vegetarmaten sin sjølv.

– Eg tenkjer at det at eg vel å gå mi retning, ikkje skal gå utover dei rundt meg. Det er veldig hyggjeleg om familie gjer det vesle ekstra for å gjera jula mi litt meir plantebasert, men det er ikkje noko eg krev, seier Torsvik.

– Og når han kjem til meg trur eg ikkje han er så fanatisk at han ikkje et det eg serverer, seier Eriksen.

Mats har allereie ete ein slags julemiddag med mormor i år. Då åt han pinnekjøt.

– Det var sjølvsagt kjempegodt, men eg kjente at eg fint kunne klart meg utan. Eg kunne laga meg ei nøttesteik og kost meg like mykje med den. Når ein har unngått kjøt ei stund, byrjar ein å mista lysta på det, seier Mats.

Mats og bestemor Berit

Mats vel vekk animalske produkt av omsyn til klimaet, dyra og eiga helse. Men han synest det er betre å eta kjøt, enn at det blir kasta.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Meir å velja i enn nøttesteik

– So rause dei var med kvarandre, seier vegetarentusiast og kokebokforfattar Hanne-Lene Dahlgren etter å ha høyrt Mats og Berit fortelja om korleis dei skal feira jul.

Sjølv skal ho feira jul hjå svigerfamilien i Sverige. Der blir heile julemiddagen plantebasert.

– Eg skal laga min nye favoritt, veggisribbe, nøttesteik, og ha knuste kokte poteter, rosenkålsalat og ein herleg brun saus til, seier Dahlgren.

Ho meiner det er mange mogelegheiter for å få meir vegetarisk inn i julehøgtida.

– Det er litt avhengig av kva tradisjonar det skal passa inn i. Ein kan auka tilbehøyrsmengda til vanleg julemat. Rosenkålsalat med linser, graskar og mykje smak er knallgod til ribbe, tipsar Dahlgren om.

– So vil eg slå eit slag for at minst ein av middagane i jula er eit heilt vegetarisk måltid, seier ho.

Hanne-Lene Dahlgren med veggisribbe

Hanne-Lene Dahlgren har laga ei eiga oppskrift på veggisribbe.

Foto: Privat

Rimeleg at ein lagar sin eigen vegetarmat

Også Dahlgren er einig i at det kan vera rimeleg at dei som skal eta vegetarisk på julaftan, lagar maten sjølv, mellom anna av omsyn til at det kan vera stressande å vera vert på julekvelden.

– Viss ein er den eine som skal eta noko anna enn fellesskapet, synest eg ein skal vera på den aller rausaste sida, seier ho.

Ho meiner ein eksempelvis kan ha med julemat heimanfrå, som ein kan varma i omnen medan ribba kviler.

– Så slepp vertskapet å få enno ein ting å tenkja på, seier ho.