NRK Meny
Normal

SV-topp ut mot scientologar etter sjølvmord

Den 20 år gamle dottera til Olav Gunnar Ballo (SV) tok livet sitt etter å ha gjennomført ein scientologi-test i Nice i Frankrike. No granskar politiet den religiøse rørsla.

Olav Gunnar Ballo
Foto: Morten Holm / Scanpix

Kaja Bordevich Ballo var student i Nice og døydde i mars i år.

Ho etterlot seg ein lapp der ho ba om orsaking for at ho ikkje klarte nokon ting. Lappen låg saman med ein personlegdomstest der ho hadde fått svært nedslåande resultat.

Personlegdomstesten var frå scientologane, som har lokalar like ved studentheimen ho budde på.

LES: Scientologikirken vokser

Olav Gunnar Ballo stadfestar opplysningane om scientologitesten, men vil ikkje kommentere dødsfallet nærare no.

Krass kritikk

Ifølgje VG skal Kaja Bordevich Ballo ha gjennomført personlegdomstesten få timar før ho tok livet sitt.

Testen, som vert kalla Oxford-testen, inneheld 200 spørsmål som ein skal svare "ja", "nei" eller "kanskje" på. Same kva ein svarer, er konklusjonen at scientologane har eit "kurs" som kan hjelpe personen som er testa.

Ut frå testen les scientologane mellom anna kor vidt den som vert testa er stabil eller ustabil, lukkeleg eller deprimert, ansvarleg eller uansvarleg, roleg eller nervøs og kor vidt han eller ho er inneslutta eller utåtvendt

Personlegdomstesten har fått krass kritikk frå psykologar og ingen vitskapleg baserte åtferdsforskarar tek testen alvorleg.

Vert etterforska

Fransk politi vil no sjå nærare på tilknytinga til scientologikyrkja som ein mogleg medverkande årsak til dødsfallet. Olav Gunnar Ballo har engasjert ein advokat som følgjer etterforskinga.

- Det kan verte aktuelt å saksøke scientologikyrkja, seier advokat Stein Serradj til Dagbladet.

- Ville ha vore i live utan scientologane

Ein studieven av Kaja Bordevich Ballo meiner ho hadde vore i live i dag om ho ikkje hadde hatt kontakt med scientologane.

- Eg hadde inntrykk av at ho hadde det fint i Nice. Ho snakka ofte om framtida og planane ho hadde ved universitetet, seier han til VG.

Stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen kjende 20-åringen og meiner alt tyder på at scientologisekta har spelt ei direkte rolle for at ho valde å ta livet sitt.

Tilbake til Nyheter-forsiden

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger