Hopp til innhold

Uroa for elevsmitte: SV vil ha hasteendringar i fråværsreglane

Elevar i vidaregåande skule går på skulen trass korona-symptom. SV meiner fråværsreglane er grunnen. Partiet ber kunnskapsministeren sette fråværsgrensa til side umiddelbart.

Freddy Andre Øvstegård

HAST: SVs Freddy André Øvstegård meiner fråværsgrensa må settast til side umiddelbart.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi foreslår mellombels oppheving av fråværsgrensa, seier Freddy André Øvstegård, som er utdanningspolitisk talsperson i SV.

Forslaget blir fremma på Stortinget i morgon, og partiet meiner det hastar med å få gjort noko. Reint konkret foreslår SV at elevar i vidaregåande skule ikkje skal måtte ha dokumentasjon frå lege ved fråvær av helsemessige grunnar.

Snufsing

Bakgrunnen er historier frå skule-Noreg om litt for mange rennande nasar og såre halsar i klasseromma.

Ved Byåsen vidaregåande skule i Trondheim har over 50 elevar testa positivt for covid-19 sidan måndag.

Adresseavisen skriv om fleire Trondheimsrektorar som opplever smitte på skulen og ber om at fråværsgrensa blir sett til side.

I Bodø har fastlegane merka at fleire vidaregåande-elevar treng legeerklæring.

Aukande smitte ved Byåsen videregåande skule i Trondheim.

HANDSPRIT: No er ikkje Antibac-dispenseren ved Byåsen vgs. i Trondheim nok. Fleire enn 50 har testa positivt for korona, ytterlegare 20 elevar ventar på endeleg svar etter positive hurtigtestar.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

– I vidaregåande skule er det eit veldig press no både på fastlegar, tilsette og elevar. Det er mykje forkjøling rundt om kring, og smittevernreglane i skulen ber jo elevar om å halde seg heime når dei har luftvegssymptom, seier Øvstegård.

Smittevernrettleiaren for vidaregåande skule seier at elevar med nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle ikkje skal møte på skulen, sjølv om symptoma er milde. Dette gjeld også vaksinerte elevar.

– Fråværsgrensa seier jo at elevar må dokumentere helsemessig fråvær. Når dei må halde seg heime på grunn av snufsing, betyr jo det at dei må til fastlegen for å få ei legeerklæring, peikar SV-politikaren på.

Inga grense under pandemien

Den nasjonale regelen om fråvær i vidaregåande skule seier at ein elev ikkje får karakter i eit fag dersom vedkomande har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær.

Regelen vart innført under Solberg-regjeringa i 2016, men under koronapandemien har regelen vore sett til side.

Men etter sommaren vart vaksinasjonsgraden høgare og smittebiletet betre.

Solberg-regjeringa bestemte difor like før den gjekk av at fråværsregelen skulle gjelde som normalt igjen frå 11. oktober.

Lærarorganisasjonen Skolenes landsforbund protesterte.

Leder for Utdanningsforbundet Steffen Handal

STØTTE: Steffen Handal meiner SVs forslag er klokt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det var ein del skepsis blant lærarar då regelen vart innført igjen, stadfestar leiar i den største lærarorganisasjonen, Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

– Det er grunn til bekymring for smittebildet rundt omkring i ein del skular no, seier han til NRK no.

– Eg meiner SVs forslag er fornuftig.

Varslar løysing snart

Tonje Brenna (Ap) er kunnskapsminister i den nye Ap-Sp-regjeringa. Regjeringa slår fast i regjeringsplattforma si at dei vil betre dagens fråværsreglement. Dei to regjeringspartia har tidlegare argumentert med at den grensa dei har arva er for rigid.

Brenna har førebels ikkje noko svar på om dei vil sette fråværsregelverket til side slik SV vil, men seier i eit skriftleg svar til NRK ho vil kome raskt tilbake til saka.

– Pandemien har tydeleg vist oss at rigide fråværsreglar ikkje nødvendigvis er det beste. Det var feil av den førre regjeringa å gjeninnføre fråværsreglane så tidleg. Ingen skal føle seg tvungne til å gå på skulen dersom dei er sjuke. Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for elevane.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) på plass i departementet.

NY MINISTER: Fråværsgrensa var tilbake same veka som Tonje Brenna (Ap) vart kunnskapsminister.

Foto: Ali Zare / NTB

– Eg jobbar no med ei løysing for fråværsreglar, både på kort og lengre sikt. Reglane om å vere til stades på skulen må vere forståelege for både lærarar og elevar og bli opplevd som rimelege, seier ho.

– Eg kjem tilbake med ei løysing så raskt som mogleg.

– Viser at den ikkje fungerer

SV har vore mot den nasjonale fråværsgrensa heilt sidan ho vart innført for fem år sidan.

– Handlar dette om å finne eit argument mot grensa?

– Nei, det vi foreslår no er ei mellombels oppheving. Så får vi ta debatten om heile grensa seinare. Men det er klart, dette er jo eit eksempel på kvifor denne grensa er rigid og ikkje passar inn i den verkelege verda, seier Øvstegård.

AKTUELT NÅ