Hopp til innhold

– Folk går på skulen sjølv om dei er sjuke

Minst 50 er smitta ved vidaregåande skule. Elevane fortel at mange går på skulen trass i korona-symptom for å unngå fråvær.

Sandra Haugen
Iselin Waagen

MANGE SMITTA: På skulen til Sandra Haugen og Iselin Waagen er mange elevar no smitta av koronavirus.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

NRK møtte i dag seks ungdommar ved Byåsen videregående skole i Trondheim.

Rundt 50 elevar ved skulen er no bekrefta smitta av korona, og rundt 20 ventar på svar etter positiv hurtigtest.

– Folk går på skulen sjølv om dei er sjuke. Mange i klassa vår sit og hostar og burde nok ha vore heime, seier Sandra Haugen.

– Etter at dei innførte den gamle fråværsregelen igjen så har smitten auka ekstremt mykje, seier Iselin Waagen.

Elevar ved Byåsen VGS.

FRAMLEIS PÅ SKULEN: Laurits Time, Elias Volden og Andreas Aasarød er blant dei heldige elevane som framleis kan vere på skulen. 180 medelevar har no heimeskule.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

Møtte på skulen sjuk

Fleire av dei NRK snakkar med innrømmer å ha møtt på skulen med forkjøling.

– Eg har sjølv kome på skulen med vondt i halsen etter at fråværsgrensa vart innført att fordi eg ville unngå meir fråvær, seier Elias Volden.

– Det går mykje vanleg forkjøling no. Ein legeattest berre for å vite at du er forkjølt er mykje pengar ut av vindauget, seier Andreas Aasarød, som fortel at han har vore småsjuk i tre veker.

– Folk er redde for at karakterane deira skal gå i dass om dei ikkje møter på skulen. Derfor har mange møtt opp sjølv om dei er sjuke, seier elevrådsleiar Sofia Piene.

Sofia Piene.

HEIMESKULE: Elevrådsleiar Sofia Piene og 180 andre elevar på trinnet hennar har heimeskule no.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

Fryktar at karakterane skal «gå i dass»

– Fordi smitten ikkje er heilt under kontroll burde ikkje fråværsgrensa ha blitt innført igjen. Den kan gjere folk redde for å ikkje kome på skulen sjølv om dei har symptom, seier elevrådsleiaren.

Fleire Trondheimsrektorar som opplever smitte på skulen ber og om at fråværsgrensa blir sett til side, skriv Adresseavisen.

50 av dei som har testa positivt på hurtigtestar ved skulen går saman med Sofia Piene på første trinn på studiespesialiserande på Byåsen videregående skole.

– Eg sat ved sidan av ein som fekk påvist korona. Det var ikkje noko morosamt, fortel Piene.

No har dei 180 elevane på trinnet hennar heimeskule.

– Det at vi fekk heimeskule er veldig bra, seier elevrådsleiaren.

Normale fråværsreglar i oktober

På grunn av koronapandemien kunne elevar ved vidaregåande skular fram til 11. oktober i år få gyldig fråvær ved sjukdom med ei eigenmelding om dei var over 18, eller med ei bekrefting frå foreldre om dei var under 18.

Til vanleg seier fråværsregelen at ein elev som hovudregel ikkje har rett til å få karakter eller standpunktkarakter i eit fag om personen har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær.

No må elevane ha legeerklæring for å få gyldig fråvær.

Samtidig stig smitten særleg blant folk under 20 år i Trondheim.

– Uheldig at fråværsregelen er innført att

Siste døgn vart det registrert 134 koronasmitta i Trondheim.

– Det er det høgste vi har hatt på lenge, seier kommuneoverlege Tove Røsstad.

Av dei smitta er 77 personar i aldersgruppa 10 til 20.

– Når vi ser nærmare på kven som er smitta er det i hovudsak elevar på vidaregåande skular og elevar på barneskular, utdjupar kommuneoverlegen.

– Kva meiner du om diskusjonen rundt fråværsregelen på vidaregåande skular?

– Overlegegruppa i Trondheim tenker nok at det er uheldig at den er innført att allereie no, svarar Røsstad.

Jobbar med ei løysing

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho forstår at situasjonen er vanskeleg for elevane. Ho er einig i at fråværsreglane vart innført att for tidleg, og lovar å kome med ei løysning på utfordringa så raskt som råd.

– Eg jobbar no med ei løysing for fråværsreglar, både på kort og lengre sikt, seier Brenna.

Les meir om kva politikarane vil gjere med problemet i denne saka:

Kva er eigentleg reglane no?

Smittevernrettleiaren for vidaregåande skule seier at elevar med nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle ikkje skal møte på skulen, sjølv om symptoma er milde. Dette gjeld også vaksinerte elevar.

De skal halde seg heime til allmenntilstanden er god. Elevar og tilsette kan kome tilbake ved negativt testresultat og om dei føler seg friske og feberfrie. Dette gjeld sjølv ved restsymptom på luftvegsinfeksjon (noko hoste, snørr, tett nase).