Hopp til innhold

Fråværsgrensa kan bli endra etter valet

Fråværsregelen i vidaregåande skule kan bli endra etter valet. Iallfall om venstresida vinn, men kanskje også om Erna Solbergs lag held på makta.

Agnes Brenna, Inga Lohne-Otterstad og Oskar Macdonald Dunlop er tredjeklassingar ved Foss vgs i Oslo.

AVSTAND: Tredjeklassingane Agnes Brenna, Inga Lohne-Otterstad og Oskar Macdonald Dunlop ved Foss vgs i Oslo vil ha endra fråværsreglar etter pandemi og val.

Foto: Maria Rud Halvorsen / NRK

Den nasjonale regelen i vidaregåande skular har sidan 2016 vore:

Ein elev som er borte frå eit fag meir enn 10 prosent av undervisningstida i skuleåret, får ikkje karakter i faget.

Det er det udokumenterte fråveret det handlar om. Sjukdom med legeerklæring tel ikkje med. Målet med å innføre grensa var altså å bli kvitt skulking.

Etterlyser fleksibilitet

Foss videregående skole i Oslo er blitt kjent for fråvær dei siste dagane. Det er koronaviruset si skuld. NRK treff tre tredjeklassingar der. Agnes Brenna ser fordelar og ulemper ved dagens grense, men meiner den burde være mer fleksibel.

– Eg synest for eksempel foreldre og helsesjukepleiarar burde kunne dokumentere fråværet, så blir det ikkje så mange som må dra til legen, seier ho.

– Eg synest den råkar veldig skeivt og straffar dei som allereie har det vanskeleg, seier Inga Lohne-Otterstad (18)

Medelev Oskar Macdonald Dunlop (18) meiner grensa er ein god idé, men også at den kan fungere dårleg i praksis.

– Viss ein ikkje kjem på skulen fordi ein har problem med klassemiljøet eller læraren, så er ikkje det så lett å dokumentere, seier han.

Brenna peikar på at 10 prosent-grensa kan vere spesielt vanskeleg å forholde seg til i fag med få timar.

Valresultatet avgjer

Så kva skjer med fråværsgrensa etter stortingsvalet?

Pressemøte om trygdeoppgjøret

TREKLØVER? Viss partileiarane i SV, Sp og Ap skal styre landet, blir det truleg endringar i fråværsregelen i vidaregåande skule.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Enkelt oppsummert er dette det mest sannsynlege:

  • Fortsatt Solberg-regjering = fortsatt fråværsgrense
  • Ap/Sp-regjering = fråværsgrense med justerte reglar
  • Raudgrøn valsiger med sterkt SV og R = kan gje endra fråværsgrense

Ap og Sp: Mindre rigid grense

Meiningmsålingane tyder på at det blir regjeringsskifte og at Arbeidarpartiet blir det viktigaste partiet i ei ny regjering. Sannsynlegvis kjem også Senterpartiet til å bli med i ei slik regjering. Desse to partia er ganske einige om kva som bør skje med fråværsgrensa:

  • Det skal fortsatt vere ei nasjonal grense på 10 prosent fråvær
  • Elevar med større udokumentert fråvær skal ikkje få karakter - som i dag
  • Men skulane skal få lov å gje unntak for elevar som slit
  • Elevar skal ikkje trenge å gå til fastlegen for å få legeerklæring

Arbeidarpartiet meiner for eksempel at helsesjukepleiar på skulen skal kunne dokumentere fråvær. Senterpartiet meiner foreldre til elevar under 18 år skal kunne melde om at eleven er sjuk, mens dei som er over 18 skal kunne levere eigenmelding.

– Forsvinn ikkje litt av poenget då?

– Nei, slett ikkje, svarar Senterpartiet når NRK spør Marit Knutsdatter Strand som er skulepolitisk talsperson i partiet.

– Du kan samanlikne med arbeidslivet der arbeidstakarane har eigenmeldingsdagar.

– Noko av poenget med vidaregåande er at eleven skal vere litt meir ansvarleg enn i grunnskulen, seier Strand som meiner det er unødvendig rigid å måtte oppsøke fastlege for å få gyldig fråvær ved småsjukdom.

Torstein Tvedt Solberg i Arbeiderpartiet

GRENSE: Torstein Tvedt Solberg (Ap) vil ha ei nasjonal grense, men den må bli mindre rigid.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Arbeidarpartiet er for ei nasjonal fråværsgrense, men vi meiner vi må forbetre regelverket for å sikre at endå fleire fullfører vidaregåande skule. For nokre fører grensa til auka fråfall, seier stortingspolitikar Torstein Tvedt Solberg. Han meiner dessutan dagens regel fører til for mykje meirarbeid og byråkrati i skulen.

– Vi er opptekne av dei elevane som står i fare for å bli skyvde ut av skulen på grunn av grensa. Eg trur vi betre kan ta vare på dei med å gje litt meir fleksibilitet og skjønn til lærar og rektor, seier Tvedt Solberg til NRK.

Han seier også ein modell kan vere at helsesjukepleiar på skulen dokumenterer sjukdom, slik at ein fastlegane får færre skuleelevar som skal dokumentere fråvær.

Høgre garanterer fråværsgrense, men...

Det var Høgre som innførte fråværsgrensa då Torbjørn Røe Isaksen var kunnskapsminister i 2016.

Partiet går langt i å love at grensa skal leve vidare.

– Høgre er garantisten for ei fråversgrense, seier skulepolitisk talsperson Mathilde Tybring-Gjedde.

– Vi har innført den trass solid kritikk frå opposisjonen, og den har vist seg å vere stor suksess. Du kan trygt slå fast at fråværsgrensa er viktig for Høgre.

Men regjeringa har fått eit dilemma:

Kunnskapsminister Guri Melbys parti Venstre vil nemleg fjerne heile grensa.

Statsminister og kunnskapsminister på skolebesøk

DILEMMA: Kva gjer regjeringa når kunnskapsministeren Guri Melbys parti vil fjerne fråværsgrensa?

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Dette vedtok dei på landsmøtet i vår sjølv om partileiar Melby støttar fråværsgrensa. Kva gjer Venstre då?

Ein travel partileiar i valkamp let Solveig Schytz, som er utdanningspolitisk talsperson på Stortinget, svare for Venstre. Ho seier det er mange gode grunnar til å ha fråværsreglar i skulen, men at Venstre vil jobbe for å fjerne den nasjonale regelen:

– For Venstre er dette ei typisk sak der vi meiner at eit nasjonalt regelverk ikkje er løysinga.

Ho seier at dersom det blir slik partiet Høgre vil, fortsatt fråværsgrense, så vil Venstre i det minste jobbe for å justere reglane.

– Vi kan ikkje belaste helsevesenet med krav om sjukmelding for det minste snufs. Dette kan det vere ulike løysingar på. Enten at helsesjukepleiaren på skulen kan dokumentere fråvær ved sjukdom eller ei annan form for eigenmeldingssystem, slik som i arbeidslivet, seier Schytz, som i likskap med partia på raudgrøn side uttrykker uro for dei svakaste elevane.

I tillegg går også det tredje partiet i dagens regjering, KrF, inn for å justere dagens nasjonale fråværsregel. Dei vil at grensa blir auka frå 10 til 15 prosent fråvær i små fag og at helsesjukepleiar på skulen skal kunne dokumentere fråvær.

Med andre ord: I den regjeringa som ønskjer å halde fram, går to av tre parti inn for å endre reglane. I tillegg skriv også Frp i partiprogrammet at dei vil vurdere å auke grensa. Partiets skulepolitikar Roy Steffensen seier til NRK at partiet er fornøgd med fråværsgrensa og ser at den fungerer godt, men at dei er opne for å gjere justeringar.

Mathilde Tybring-Gjedde

GARANTIST: Høgres Mathilde Tybring-Gjedde meiner grensa fungerer godt.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Høgres skulepolitikar Mathilde Tybring-Gjedde meiner derimot at fråværsgrensa ikkje bør vere tema for nye forhandlingar dersom H-V-KrF-regjeringa framleis har makta etter valet.

– Eg har respekt for at Venstre og KrF har andre standpunkt, men grensa har gitt lågare fråvær. Den har god effekt, og den har vore kjempeviktig for dei som treng den mest.

– Viss ein ønskjer fortsatt fråværsgrense, må ein stemme Høgre, seier Tybring-Gjedde.

Men kva viss venstresida blir stor?

Viss det blir raudgrøn siger og partia lengst ut på venstresida blir store i valet, kan det gje større endringar.

– Det SV først og fremst vil, er å fjerne heile grensa, seier Mona Fagerås.

Ho sit på Stortinget og har ansvar for utdanningspolitikken i SV.

– Grensa skaper eit skilje. Dei gode blir betre. Dei som slit, står i fare for å falle ut av skulen.

SV foreslo på Stortinget å fjerne grensa allereie i 2016. Fagerås seier partiet vil tilbake til regelverket ein hadde tidlegare, då det var opp til skulen å avgjere om det var grunnlag for å gje ein elev karakter.

– Det meiningslause kravet om dokumentasjon frå lege må i alle fall bort.

– Er det tenkeleg at Ap bevegar seg i retning SV?

– Nei, ikkje slik det er tenkt no, det er eit klart fleirtal i Arbeidarpartiet som ønskjer fråværsgrense, seier Torstein Tvedt Solberg i Ap.

Fråværet ned, problematisk for nokon

Ein evalueringsrapport frå SSB og Fafo som kom i juni såg på korleis fråværsgrensa har fungert i skulen etter at den vart innført. Der blei det konkludert med følgande:

  • Fråværet i vidaregåande skule er betydeleg redusert etter at den nasjonale grensa vart innført i 2016.
  • Grensa møtte stor motstand då den vart innført, men då den først var komen vart den raskt oppfatta som ein del av skulesystemet som var kome for å bli.
  • Men grensa skaper «besvær» og stress for både elevar, lærarar, rektorar og fastlegar. Nokre elevgrupper har ikkje redusert fråværet nok, og får dermed ikkje karakterar og godkjent utdanning. «Det er elevgrupper som har behov for andre virkemidler enn fraværsgrensen for å fullføre og bestå videregående opplæring», skriv forskarane, og understrekar at fråværsgrensa ikkje er ein hurtigkur for å kvitte seg med fråfall i vidaregåande opplæring.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger