Uro i utelivsbransjen: Fleire har blitt dopa ned

Vektarbransjen har merka ein auke i tilfelle der dop blir putta i drinkar. Shirin Victoria Antaki (20) er ikkje i tvil om at ho blei dopa ned.

Shirin Victoria Antaki

Shirin Victoria Antaki meiner ho blei dopa ned ute på byen i Oslo.

Foto: PRIVAT

– Det var ei veldig ekkel oppleving, for eg har alltid trudd at eg alltid har hatt kontroll. Eg har alltid hugsa alt når eg har vore ute på byen.

Det fortel Shirin Victoria Antaki til NRK.

I midten av oktober feira ho ein bursdag saman med vener. På vorspielet drakk ho to glas vin, så reiste dei til ein utestad i Oslo. Etter det skildrar ho minnet som «blurry».

– Det tok ikkje lang tid før eg blacka ut og ikkje hugsar mykje frå kvelden, fortel 20-åringen.

Shirin seier ho ikkje kan hugse at ho drakk drinkar på utestaden, men bilde frå kvelden viser at ho gjorde det. Shirin er sikker på at nokon dopa ho ned der.

– Eg skjønar ikkje kvar dei drinkane kom frå. Om eg har tatt dei imot, eller om nokon har putta noko oppi den når den har stått stille.

Frå venninner har ho blitt fortalt at ho gjekk frå å vere høgt oppe, til å vere langt nede.

– Det starta med at eg dansa på bordet, til at eg blei heilt slapp og sliten og det svartna for meg.

Fekk beskjed om at ho ikkje var til stades

Det var venninna til Shirin som først skjønte at noko var gale. Tidlegare i år var dei på innspeling av Paradise Hotel i Mexico i fem veker. Ho la derfor merke til at Shirin ikkje var lik seg sjølv denne kvelden.

– Ho kom bort og sa «Shirin, eg kjenner deg og veit korleis du er når du er full. No er du ikkje deg sjølv, du er ikkje til stades».

Ho begynte å kjenne seg veldig uvel, og fekk hjelp av ein venn til å kome seg heim. Ho klarte ikkje å komme seg til legevakta før kvelden etter.

Då sa legane at det truleg var dopen GHB ho hadde fått i seg, men sidan det hadde gått over eit døgn var det ikkje mogleg å påvise.

NRK forklarer

Kva er GHB?

GHB er eit sentraldempande rusmiddel som er ulovleg.

  • Risikoen for overdose er høg fordi det er liten margin mellom ein brukerdose og ein dose som er farleg.
  • GHB kan føre til pustestans og død, særleg i kombinasjon med til dømes alkohol.

GHB er usynleg og luktfritt når det er blanda ut i drikke, og har ein lett saltsmak som er vanskeleg å oppdage.

GHB har blitt brukt i overgrepstilfelle og er også kjent som eit «date rape drug».

  • Gammahydroksybutyrat (GHB) er ei feittsyre som også finst naturleg i menneskekroppen.
     
  • GBL og 1,4-BD er kjemiske forløparar til GHB, og har liknande effekt.

Kripos har beslaglagt 82 liter GHB og 50 liter GBL fordelt på 253 beslag i løpet av første halvår 2021.

Har du prøvd GHB?

Ja
4%
Nei
96%

653 stemmer

Legane sa Shirin burde ha testa seg same kveld.

– Eg spydde så utruleg mykje og hadde ikkje sjanse til å dra nokon stad, seier ho.

20-åringen valde å ikkje melde saka til politiet.

– I og med at eg ikkje veit kven som har dopa meg ned og det er umogleg å finne ut av, så kjem man ingen veg med ei politimelding, meiner ho.

GHB

GHB blir som oftast omsett i væskeform, men også som pulver eller gelatinkapslar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Har sett fleire slike tilfelle

Vektarbransjen har dei siste vekene opplevd ei auke i tilfelle der dop blir putta i drinkar. Jørn Indseth, dagleg leiar i Personellsikring, fortel til NRK at deira vakter har sett dette på enkelte av utestadane der dei jobbar.

– Eg har vore i kontakt med fleire kollegaer og konkurrentar som fortel at dei har opplevd det same, seier Indseth.

Jørn Indseth, dagleg leiar i Personellsikring

Jørn Indseth driv Personellsikring, eit vektarselskap med 120 tilsette på 35 utestadar i Oslo. Hans vektarar har tatt kurs i korleis å sjå teikn på rus, og meiner det er ein del GHB på marknaden no.

Foto: Privat

Han meiner problemet har blitt større etter gjenopninga av samfunnet, og seier hans inntrykk er at det ikkje var så utbreitt som no før nedstenginga heller.

Personellsikring har derfor innført fleire tiltak for å auke fokuset rundt problemet blant sine vektarar.

– Alle våre tilsette er informert om å følge ekstra godt med, spesielt framfor barane. På dei store stadane er det ofte vakter som står og observerer baren og drikkene til folk. Det er også auka fokus på toaletta, som er eit problemområde når det gjeld slike ting, seier Indseth.

Han seier dei også har hatt møter med utestadane som er deira kundar for å gjere dei merksame på at dette er eit aukande problem i Oslo.

– Vi er i dialog og samarbeid slik at kundane er merksame, og er klar over at dette er eit problem som ikkje er bra. At det trengst tiltak som må setjast inn for å løyse det, fortel Indseth.

Gjenåpningen av Norge

Etter gjenopninga 25. september har barane endeleg kunne ta imot like mange gjestar som før pandemien.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB
GjennÂpningen av Norge - kveld

Det kan bli trangt, og vanskeleg å følge med på glaset sitt heile kvelden.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB
GjennÂpningen av Norge - kveld

– Det er ikkje store mengder som skal til, og det er relativt enkelt å putte noko i glaset til nokon, seier dagleg leiar ved Dixi Ressurssenter.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB

Oslo politidistrikt seier til NRK at dei ikkje ser ein trend i at folk blir dopa ned for tida, basert på meldingane dei får inn. Dei ber folk som blir utsett for det å melde saka til politiet.

Ser alvorleg på det

Shirin meiner ho blei dopa ned medan ho var på Nox, ein nattklubb på Solli plass i Oslo.

– Det er forferdeleg å høyre slike historier. Det er ein grufull situasjon som vi prøver å unngå på alle utestadar, kvar einaste kveld, seier dagleg leiar Frederik Mygind.

Frederik Mygind i Rekom Norge

Dagleg leiar på Nox, Frederik Mygind, seier dei har fokus på neddoping gjennom jamlege møter med dei tilsette og sikkerheitsvaktene.

Foto: Privat

Han er også noregssjef i Rekom Group, som eig fleire utestadar rundt om i landet. Han har ikkje merka ein trend i at folk blir dopa ned, men seier det diverre er ein del av utelivet.

– Vi tar dette veldig alvorleg, men det er diverre vanskeleg å finne ut når og kvar dette skjer, seier Mygind.

Han seier dei bruker mykje ressursar på å prøve å følge med overalt, men det er avgrensa kva dei har lov til gjere.

– Vi kan ikkje kroppsvisitere alle, men vi sender signal om at vi gjer kontrollar.

– Er det slik at ein må passe på drinken sin heile tida for å vere trygg?

– Det er alltid lurt å vere merksam på kvar ein legg igjen sine eigedelar, og også kvar ein set ned drinken sin. Ein bør ikkje forlate drinken sin for å gå og danse, seier Mygind.

Han råder gjestar som er redde for at noko har skjedd med drinken sin til å ta kontakt med dei tilsette, så får dei ein ny.

– Vi er veldig avhengige av at gjestane informerer oss om kvar og når dette skal ha skjedd, slik at vi kan hjelpe så godt som mogleg.

– Det skjer ekstremt fort

Rune Johansen driv utestaden Gamla i Oslo, og har jobba i utelivsbransjen i 20 år. Han seier dette skjer i bølger.

– Nokre gongar høyrer vi ingenting om det, og plutseleg er dette noko som skjer støtt. Det er mogleg at det er nokon som opererer i ein periode før dei forhåpentlegvis blir tatt, seier Johansen.

Han er ikkje kjent med at gjestar har blitt dopa ned etter gjenopninga, men seier hans tilsette jobbar kontinuerleg for å unngå slike situasjonar.

– Men det vil alltid vere krikar og krokar der det skjer ting. Og erfaringa er, frå det eg har høyrt frå andre stadar, at det skjer ekstremt fort, seier Johansen.

GHB mest vanleg

Lege ved Oslo legevakt, Odd Martin Vallersnes, fortel at dei med jamne mellomrom får inn pasientar som meiner dei har fått i seg noko dei ikkje var klar over.

Legeskiftleder ved Oslo legevakt, Odd Martin Vallersnes

Odd Martin Vallersnes ved Oslo legevakt seier målet til dei som dopar andre ofte er å forgripe seg på dei.

Foto: Silje-Lisette Tennøy / NRK

Anten blir folk som openbert er forgifta av noko frakta inn til legevakta, eller så kjem dei sjølv inn dagen etter. Då fortel dei gjerne at dei blei mykje meir påverka enn det dei burde ha blitt, med tanke på det dei drakk.

– I begge desse tilfella kan vi ta prøver for å sjekke, seier Vallersnes.

Han seier det mest vanlege i desse tilfella er GHB eller ulike formar for benzodiazepiner som kan løysast opp i drikke.

– Det kan vere direkte farleg ettersom dei kan føre til ein farleg forgifting, men det er også farleg at personen som får det i seg blir ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Det er det som er målet til dei som puttar det i drinken. Dette ser vi resultata av ved legevakta sitt overgrepsmottak, fortel legen.

– Risikoen for å bli dopa ned på utestadar er høg

Rannveig Kvifte Andresen er dagleg leiar ved Dixi Ressurssenter, eit lågterskel tilbod for dei som blir utsett for seksuelle overgrep. Ho seier dei ofte får inn folk som opplever å bli dopa ned.

Rannveig Kvifte Andresen

Rannveig Kvifte Andresen fryktar langt fleire opplever å dopa ned, enn det som blir rapportert.

Foto: Fouad Acharki

– Eg trur diverre risikoen for å bli dopa ned på utestadar er høg, særleg no når utestadane ikkje har vore ordentleg opne på lenge, og mange drar ut samtidig.

Ho har eitt råd til dei som puttar noko i drinkane til andre:

– Kutt ut. Ikkje utsett andre for fare. For det er jo dei som har ansvaret, ikkje dei som får det oppi drinken sin. På lik linje som ein blir anbefalt å passe på verdisakene sine, så kan det vere lurt å passe på drinken sin på ein utestad også. Men det er aldri dei utsette si skuld, seier Andresen.

Fleire har opplevd det same

Responsen har vore enorm etter at Shirin skreiv om den ekle opplevinga på Instagram.

– Det er utruleg mange jenter som har skrive til meg og som har opplevd å bli dopa ned etter gjenopninga. Det er veldig mange som det har gått verre for.

Shirin Victoria Antaki

– Hadde det ikkje vore for at ein eg kjente fekk meg trygt heim, kunne den kvelden gått mykje verre enn det den gjorde for meg, fortel Shirin.

Foto: Privat

Shirin fortel om jenter som ikkje har kome seg trygt heim, men som har vakna opp hos framande. Ei enda opp på sjukehus, og var nær å bli lagt i respirator. Andre har blitt dopa ned av folk dei trudde var vennane sine.

Ho meiner det er på tide at utestadane tar ein større del av ansvaret.

– Utestaden sjølv bør hindre at folk blir dopa ned. Eg skjønar ikkje korleis desse folka får med seg dop inn på utestadane. Kanskje dei burde ha ein nøyare sjekk gjennom bagane og veskene til folk, foreslår Shirin.

Sjølv har ho ikkje rørt alkohol eller vore ute på byen etter den ubehagelege kvelden. Ho innrømmer at hendinga har skremt ho.

– Held ein ikkje auge med drinken eller går frå den skal det jo ikkje så mykje til for at nokon klarer å ta noko oppi den.

Har du tips i denne saka?

Veit du noko om dette som vi i NRK også burde vite? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Tips meg, Lea eller Pedja.

SISTE NYTT

Siste meldinger