Hopp til innhold

Unntakstilstand etter skogbrannar på New Zealand

Fleire heimar er tekne av flammane og over 1.000 personar har måtte evakuere frå Christchurch på New Zealand. Brannmannskap prøvar å halde flammane i sjakk.

Ein stor skogbrann utanfor Christchurch på New Zealand

KRAFTIGE FLAMMAR: Brannen har spreidd seg raskt i løpet av natta, og brannmannskap prøver å få kontroll slik at den ikkje når nye bustadområde.

Helikopter har i natt floge skytteltrafikk over fjellområdet Port Hills, og slept vatn over flammane. To skogbrannar er blitt til éin, og dekkjer no meir enn 1.800 hektar.

Brannmannskap kjempar mot flammane, men sterk vind i område gjer arbeidet vanskeleg.

Brannen skal ha spreidd seg raskt i løpet av natta, men brannmannskapet skal førebels ha klart å stoppe den frå å nå nye bustadområde, ifølgje ABC News.

Flyktar ut av byen

Styresmaktene i Christchurch har erklært unntakstilstand i byen og opplyser at bebuarane i 400 hus er evakuerte, men at endå fleire har forlate heimane sine etter eige ønske.

Bilkøen ut av byen er lang, og fleire gjer seg klare til å dra.

– Vi har bilen pakka og er klare til å dra. Vi håpar å eit par timar søvn før vi reiser i morgon tidleg, seier Gaye McDonnell, ein av innbyggjarane i Christchurch.

Innbyggjarane i byen vert råda til å halde seg innandørs på grunn av kraftig røyk.

Stor fare for spreiing

200 brannfolk vore i arbeid på bakken, medan 14 helikopter og tre fly har bidrege frå lufta.

Tidlegare i veka omkom ein helikopterpilot då helikopteret han flaug krasjlanda under sløkkingsarbeidet.

Så store skogbrannar er uvanleg på New Zealand, der regelmessig regn førebygger at brannar spreier seg i same grad som i Australia og på vestkysten av USA. Den siste tida har det vore unormalt tørt.

Planen er å la brannen døy ut av seg sjølv, men brannmannskapet håpar på hjelp frå regnet i helga.

Helikopter skogbrann New Zealand

SLØKKING: Helikopter slipper vann over skogbrannen i Port Hills nær byen Christchurch i New Zealand.

Foto: Stringer / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt