Hopp til innhold

Ein halv million får TV 2 tilbake på skjermen

TV 2 og Telenor har kome til semje om ein ny langsiktig samarbeidsavtale. TV 2-sjefen er svært glad.

Olav T. Sandnes, TV 2

GODT NØGD: TV 2-sjef Olav T. Sandnes er glad for at den langvarige krangelen med Telenor er over.

Foto: Eivind Senneset/TV 2 / TV 2

– No kan vi endeleg ønskje sjåarane velkomne tilbake. Avtalen er viktig i den harde kampen mot internasjonale strøymetenester, seier toppsjef i TV 2, Olav T. Sandnes.

Avtalen betyr at 550.000 Telenor-kundar får TV-kanalen tilbake på skjermane sine, skriv TV 2 og Telenor i ei felles pressemelding.

Det har i nær to månader vore konflikt mellom TV-kanalen og Telenor om kva sistnemnde skal betale for å kunne tilby TV 2 til T-we-kundane.

– Vi ønskjer å takke alle kundane våre for tolmodet. Vi gjekk til forhandlingar med ønskjer om eit langsiktig samarbeid med TV 2 der vi investerer meir i norsk kvalitetsinnhald.

Det seier TV-sjef i Telenor, Camilla Amundsen, i pressemeldinga.

Olav T. Sandnes seier at dei er glade for at dei har kome til semje om ein langsiktig og framtidsretta avtale.

Alle Telenor-kundane får tilgang til strøymetenesta TV 2 Play som ein del av den nye avtalen. Det vil skje i løpet av året.

En TV-skjerm som viser meldingen alle Telenor-kunder får når de skru på TV 2.

Denne plakaten har møtt Telenor sine kundar som ville sjå på program på TV 2. No er konflikten løyst.

Foto: Privat

AKTUELT NÅ