Tusener seglar igjen
Her er det som ble lest opp lørdag kveld
FRANK:
eg er den vanvettige spådomen din
eg er han som drar ørkenbåten med seg over havet
eg er han som seglar gjennom stormen
av røyk og rust og gribbar og journalistar
TORBJØRN:
eg er den rasande vandringsmannen
eg er han som står litt ute til venstre i argentina-drakt
eg er han som stirer opp på helikopteret
der fotografen sit med sitt auge
eg er han som strekker ut hendene
som han var kristus
MARIANN:
eg er ho som sit midt i båten
på styrbord side med ein gut på fanget
eg er ho du diskuterer på tv og i lunsjpausen
og i parlamentet og i kommentarfeltet
eg er ho du sleppte bomber i hovudet på i 2011
og som du no vegrar deg for å hjelpe
eg er ho du aldri vil innvilge eit morgongry
eg er ho som aldri får kvile
FRANK:
eg er han guten som held i ripa
heilt øvst på bildet
eg er han som har stranda alt før han strandar
eg er han som du vurderer om du skal plukke opp
fordi du er redd eg skal rasere kommuneøkonomien
eg er guten som er på veg mot ditt
femstjerners hotell og ditt badebasseng
eg er han som ikkje kan svømme
TORBJØRN:
vi er dei tusenar som seglar igjen
vi er dei tusenar av skuggar som kjem
susande inn i mjølkevegen din
vi er dei som har reist frå denne nasjonen
full av skrot og blod og patronhylser
MARIANN:
vi er atten, vi er sekstiåtte, vi er fire
vi er trettito, vi er tjuesju, vi er tolv
vi har namn, vi heiter noko alle saman
vi heiter cilla og aylan og amin og hajj og mustafa
vi er tuareger vi er tutsier vi er berberar
FRANK:
vi er dei tusenar som seglar igjen
vi er dei som har brukt alle sparepengane for å
krysse fornufta eller hamne i ein likpose made in china
vi er dei som blir knust mot kysten din
vi er dei som hylar om vi i horisonten
oppdagar eit øyre som orkar å høre
vi er dei som bare ber om å få leve
vi er dei som er gått tom for bensin
vi er dei tusenar som seglar igjen