Hopp til innhold

Trur på 18 prosent prisauke

DNB erkjenner at utviklinga i bustadprisane ikkje er normal, men spår likevel ein vekst på 18 prosent dei neste åra.

Terje Halvorsen

Administrerande direktør i DNB Eiendom, Terje Halvorsen, er trygg på at bustadfesten vil halde fram.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Utviklinga er stikk i strid med det sjefsøkonom i First Securities, Harald Magnus Andreassen, spådde overfor NRK.no for ei veke sidan. Han åtvara unge mot å investere i bustadmarknaden, og at det er ein risiko for at bustadprisane kan falle opptil 15 prosent dei neste fem åra.

DNB Eiendom la i dag fram sine tal. Dei spår ein auke i bustadprisane på 18 prosent i same tidsrom, men at prisane etterkvart vil flate ut.

Prognosane frå DNB er utgjer ein forskjell på heile 38 prosentpoeng frå Andreassen i First Securities.

Har moderert seg

– Korleis kan norske økonomar spå ei så totalt forskjellig utvikling?

– Trygve Hegnar hadde ein leiar i Finansavisen dagen etter Andreassen sine spådommar, og Hegnar er samd med oss. Det store fleirtalet spår ein framleis prisvekst, seier administrerande direktør i DNB Eiendom, Terje Halvorsen til NRK.no.

Halvorsen peiker på at Andreassen i eit lesarinnlegg i Finansavisa har moderert spådommane sine, og at eigentleg meinte at bustadprisane i verste fall kan falle med 15 prosent.

DNB legg fram mange argumentar for at dei trur bustadfesten vil halde fram.

  • SSB spår låg prisvekst
  • Arbeidsløysa vil framleis halde seg låg
  • Framleis sterk lønsvekst
  • Det vert bygd for få bustadar
  • Sterk befolkningsvekst – SSB spår 7 millionar nordmenn i 2048
  • Framleis låg rente

– Rentenivået er ikkje normalt

Men ein av desse faktorane overskuggar resten, nemleg renta. Rentenivået i dag er historisk lågt, og me må tilbake til tida då den norske Grunnlova vart teikna for å finne ein like lang periode med så låg rente. Likevel meiner DNB det er rimlege sikkert at renta vil halde seg på eit historisk svært lågt nivå.

– Det er ikkje normalt. Men me ser på den framtidige utviklinga både i Noreg og internasjonalt. For å finne ein god balanse mellom økonomien i Noreg og i utlandet så er det fornuftig at me har låg rente dei neste åra, seier Halvorsen.

SSB spår at renta vil stige med eitt prosentpoeng dei neste fem åra. Halvorsen trur ein må ta høgde for at renta kan stige eit par prosentpoeng over SSB sine spådommar, men han trur ei dramatisk renteauke er svært usannsynleg dei neste fem åra.

– Men på lang sikt er sannsynet stort for at renta på lang sikt vil stige og normalisere seg, vedgår han.

Prisauke sålangt i år: Ein BSU-konto

Det er likevel ikkje grunnlag for å hevde at DNB er i overkant optimistiske. Dei er langt meir moderate enn SSB, som hevdar at prisstiginga dei neste fem åra vil vere på 27 prosent, ti prosent høgare enn DNB. Storbanken har måtte oppjustert prognosen for inneverande år.

– Prisauken for ein gjennomsnittleg 70 kvadratmeter leilegheit har dei siste fem månadene vore på over 150 000, noko som er meir enn det maksimale innskotet på ein BSU-konto.

Slik er spådommane til DNB Eiendom, år for år:

2012: 7 %

2013: 4,4 %

2014: 3 %

2015: 2,6 %

AKTUELT NÅ