– Dette er unikt og historisk, seier statsvitar Johannes Bergh om dagen der Norge får sin første kvinnelege utanriksminister og dermed tre kvinner på topp i Erna Solberg si regjering.
KVINNESTERKE: Erna Solberg si regjering får tre kvinner på topp rundt kongens bord. F.v: finansminister Siv Jensen (Frp) og nyutnemd utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) saman med statsminister Erna Solberg.
– Det vert sagt at kvinner ofte får dei posisjonane som ikkje har så mykje makt, slik er det definitivt ikkje her, seier statsvitar Johannes Bergh.
NYUTNEMNDE: Statsministeren presenterte Marit Berger Røsland (H) som ny EU-minister, Frank Bakke-Jensen (H) som forsvarsminister og Ine Eriksen Søreide som landets første kvinnelege utanriksminister fredag.
Det betyr at både statsministeren, finansministeren og utanriksministeren i den blåblå-regjeringa er kvinner, i posisjonar som Bergh kallar dei mest prestisjetunge postane i ei regjering.
MANNSDOMINERT: Søreide kjem frå eit mannsdominert miljø som forsvarsminister. Her saman med USA sin tidlegare forsvarsminister Ashton Carter i Bodø i fjor.
Foto: Kari Skeie / NRK
Ikkje unikt for Norge
Statsminister Erna Solberg påpeika sjølv under regjeringa si pressekonferanse at Norge ikkje er først ute med kvinner i desse posisjonane.
– Filippinane har tidlegare hatt kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, i tillegg til Sveits og ei kortare periode i Liberia.
Ho vil likevel karakterisere utnemninga av Søreide som historisk i norsk samanheng.
– Med dette skriv vi viktig historie for Norge som nasjon, sa Solberg.
Ho var tydeleg på at Søreide først og fremst er valt på grunn av hennar kompetanse og ikkje kjønn.
Manglar framleis kvinnelege leiarar
Sosiolog og kjønnsforskar Anne Grethe Solberg seier færre av oss tenkjer over om personar i leiande posisjonar er menn eller kvinner, og at Søreide truleg er valt fordi ho var best kvalifisert til jobben.
MANGLAR: Sosiolog og forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Anne Grethe Solberg, meiner det framleis manglar kvinnelege leiarar. Ho arbeider som rådgjevar for kjønnsbalansering i organisasjonar og gir ut bok om temaet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
– At vi får ein utanriksminister som har vore forsvarsminister er ei heilt naturleg utvikling. Søreide er god politisk og har mykje relevant erfaring.
Sosiologen er i ferd med å gi ut bok om temaet kjønnsbalanse i leiarverv, og meiner ein framleis har ein veg å gå, sjølv om ein har kome langt.
– Vi har mange kvinnelege leiarar i organisasjonslivet, delar av politikken og det offentlege, for eksempel LO og NHO, men det private næringslivet heng etter, seier ho.
Det har sidan Gro Harlem Brundtland si såkalla «kvinneregjering» på 80-talet vore tradisjon for kjønnsbalanse i regjeringane. Statsvitaren legg til at ein også i politikken har ein veg å gå.
– Samanlikna med lokalpolitikken er kvinner framleis underrepresentert, seier Bergh.
Han håper fleire vil la seg inspirere av kvinnene på topp i Solberg-regjeringa.