Advokaten Marit Berger Røsland blir ny EØS- og EU-minister. Det blir med det ei intern forflytting i Utanriksdepartementet, der ho har vore statssekretær det siste året. Her har ho blant anna kommentert valdsbruken i Catalonia, skjerpa asylreglar og påstandar om at Noreg svekker rettsvernet til barn.
Før dette var ho statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet frå 2015 til 2016 og statssekretær ved Statsministerens kontor frå 2014 til 2015. Ho var også politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet i 2003–2005.
Statssekretærkollega Tone Skogen i UD ønsker Marit Berger Røsland lykke til i den nye jobben som EØS og EU-minister.
– Marit er ein svært dyktig politikar og ho kjem til å gjere ein utmerkt jobb i sin nye posisjon, seier statssekretær Skogen til NRK.
Statsminister Erna Solberg la vekt på den breie erfaringa til Røsland då ho presenterte den nye ministeren.
– Eg veit ikkje om Marit veit dette, men eg hugsar ei utnemning av ein statssekretær då Jan Petersen var utanriksminister. Då sa han til meg. Det er eigentleg Marit som fortener å bli statssekretær. Det er ho som eigentleg gjer den beste jobben i heile utanriksdepartementet. Då var ho politisk rådgjevar, men ho var litt for ung, smilte Solberg på pressekonferansen.
Lang fartstid i partiet
Røsland har også hatt ei rekke verv i Høgre på 2000-talet. Frå 1998 til 2000 var ho leiar for Unge Høgre i Akershus, og i 2000 til 2002 var ho andre nestleiar i Unge Høgre medan Ine Marie Eriksen, som blei utnemnd som Utanriksminister i dag, var leiar.
Ho har også vore medlem av programkomiteen til Oslo Høgre, der ho blant anna tok til orde for å få bykonstablar for å få bukt med tigging og søppel. I bystyreperioden 2003 til 2007 var ho medlem av Oslo bystyre.
Livet utanfor politikken
Marit Berger Røsland studerte juss ved Universitetet i Oslo, og tok eksamen der i 2006. Ho fekk jobb ved advokatkontoret Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo der ho var advokat og advokatfullmektig fram til ho blei henta til Statsministerens kontor i 2014. I tillegg til at ho var dommarfullmektig ved Oslo tingrett i 2009–2010.
Erna Solberg seier Røsland er ein dyktig jurist, og at ho har jobba med mange spørsmål som ho no skal ta fatt på.
– EU-ministerposten er viktig. Det er viktig å ta vare på dei norske interessene når EU og Storbritannia forhandlar om brexit, seier Solberg.
Røsland er født i 1978, og kjem frå Fet på Romerike. Ho er gift med advokat og tidlegare byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland. Dei har to barn.