Hopp til innhold

Trafikkurs for eldre kan bli påbode

30 prosent av dei som mista livet i trafikken i fjor var over 65 år. No vurderer Statens vegvesen å innføra obligatoriske kurs for eldre bilførarar, for å gjera trafikken tryggare.

Guro Ranes

UROA: Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Vegdirektoratet er uroa for at fleire eldre mistar livet i trafikken. Obligatorisk trafikkurs for eldre kan redusera trafikkulykkene, meiner ho.

Foto: NRK

– Det uroar oss at det er så mange eldre som mistar livet i trafikken, og det kan bli enda fleire, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Vegdirektoratet

Derfor har Statens vegvesen no bestemt seg for å vurdere om trafikkurs for eldre bilførarar skal bli obligatoriske, og eventuelt for kva for ei aldersgruppa kursa skal gjelde. I dag har alle over 60 år moglegheit til å ta del i det teoretiske kurset 65+, frivillig.

Bente Skjetne

Avdelingsdirektør for trafikkopplæring og førarkort ved Vegdirektoratet, Bente Skjetne.

Foto: NRK

Seniorane er positive

– Me har hatt positive erfaringar med kurset 65+, og ein kan få opp til 25 prosent risikoreduksjon ved at alle bilførarar over 65 år tar del i programmet, seier avdelingsdirektør for trafikkopplæring og førarkort, Bente Skjetne, ved Vegdirektoratet.

Interesse- og kunnskapsorganisasjonen Seniorsaken er også positive til å få ned talet på ulykker blant eldre. Men dei er i tvil om kva for ei aldersgruppe det skal gjelde for.

– Obligatorisk for 65-åringar er for tidleg. Ein bør vurdere å gjere det obligatorisk til dømes frå og med ein er 75 år, då er det også påbode med årlege helsesjekk, seier Knut Christian Høvik, generalsekretær i Senirosaken.

85 år gamle Erik Nordang vart sjølv inspirert og tok kurset frivillig for å betre trafikktryggleiken.

– Eg har ikkje hatt nokon korrigeringar på køyringa mi, og eg har køyrt i alle år. Eg meinte sjølv at eg køyrde bra, men eg visste godt at eg måtte friske opp mine køyreferdigheiter, seier han.

Erik Nordang

Erik Nordang har frivillig tatt kurset 65+ for å bli tryggare i trafikken.

Foto: NRK

Fleire tusen bilførarar melder seg på

– Det er allereie mange eldre som har teke ansvar for ein tryggare trafikk, og det er me veldig glade for, seier Ranes.

Kurset tar ikkje sikte på å teste køyreferdigheitene til førarane, eller kva dei kan om trafikkreglane. Det er heller ikkje eksamen av noko slag. Målet er at dei eldre skal kunne bli betre på det dei følar seg utrygge på.

– Me sender ut eit informasjonsbrev til alle i landet som er 70 år, men årsaka til at det heiter 65+ er for at dei skal ta dette kurset så tidleg som mogleg. Det er då dei får størst effekt, forklarar Ranes.

AKTUELT NÅ