Hopp til innhold

To personar sikta for deltaking og støtte til terrororganisasjon

Politiets tryggingsteneste har i dag arrestert to personar, sikta for deltaking og støtte til terrororganisasjonen IS.

Bygget til PST i Nydalen i Oslo

To personar er arresterte, mistenkte for tilknytning til terrororganisasjonen Den islamske staten.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– PST har i dag med hjelp frå fleire politidistrikt arrestert ein mann i 20-åra frå Oslo, og ein i 40-åra frå Østlandsområdet, seier kommunikasjonsdirektør Martin Bernsen i PST til NRK.

Martin Bernsen, informasjonsrådgiver i politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Martin Bernsen i PST stadfestar til NRK at PST har arrestert to personar, mistenkte for deltaking og søtte til terrororganisasjonen IS.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Far til terrorsikta mann i 20-åra

Etter det NRK kjenner til, meiner PST at begge skal ha vore i Syria, og mannen i 40-åra skal vere faren til ein annan mann som frå før av er terrorsikta av PST.

Begge dei to som vart arrestert i dag er sikta for brot på straffelovens paragraf 147d, som inneber støtte og deltaking til Den islamske stat, IS, seier Bernsen.

– PST kjem tilbake med meir info i eit eventuelt fengslingsmøte seinare denne veka, avsluttar han.

Tirsdag førre veke arresterte PST ein 18 år gammal nordmann o Göteborg, sikta for å forsøkte å tilslutte seg IS i Syria.

Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ