Hopp til innhold

To menn alvorleg skadde i skyting ved Nationaltheatret i Oslo

Tre menn er sikta for medverknad til drapsforsøk – ein av dei er pågripe, men vil ikkje la seg avhøyra. Politiet leitar framleis etter fleire personar.

Politibil ved Nationaltheatret, med Theatercafeen i bakgrunnen.

MYKJE POLITI: Det var eit stort oppbod av væpna politi i området i natt. I bakgrunnen på bildet ser ein Theatercafeen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Politiet fekk melding om skytinga klokka 00.30.

Tre menn er sikta for medverknad til drapsforsøk, men berre ein av dei er pågripe.

Den pågripne mannen ynskjer ikkje å la seg avhøyra av politiet, seier hans advokat Marius Ihlebæk til NRK.

Kvifor han ikkje vil prate med politiet, vil ikkje Ihlebæk gå inn på.

– Men det blir ikkje noko avhøyr i kveld, legg han til.

Det var TV 2 som fyrst omtalte dette.

Mannen erkjenner ikkje straffskuld for hendinga.

Ihlebæk sa tidlegare til NRK at hans klient stiller seg uforståande til at han er pågripen.

Førstehjelp på staden

Politiets operasjonssentral opplyser at dei først definerte saka som PLIVO (pågåande livstruande vald), men dette vart reversert etter noko tid.

Då politiet kom til staden, fann dei to personar med skadar som stemte med bruk av skytevåpen.

Det vart jobba med førstehjelp på staden før dei to vart sende til sjukehus.

– Eg kan bekrefte at det er funne tomhylser frå skytevåpen, seier operasjonsleiar Alexander Østerhaug til NRK.

Leitar etter fleire personar

Grete Metlid seier til NRK søndag ettermiddag at dei leitar etter fleire personar.

– Dette er ei sak me skal komme til botnen i. Me kjem til å halde fram med ganske intens etterforsking utover kvelden.

Ho seier politiet har fått fleire tips i saka.

– Men det er framleis mange ubesvarte spørsmål som vi ikkje kan seie noko meir om no. Men vi er ute og leitar, også konkret etter personar, seier ho.

Politiet på stedet i natt

Politiet på staden i natt.

Foto: Annika Byrde / NTB

Metlid vil ikkje seie kor mange personar dei leiter etter eller som har vore involverte.

– Det er noko av det som er veldig sentralt i etterforskinga no, både gjennom avhøyr og gjennomgang av video.

Mannen som blei pågripen, blei pågripen i natt, ikkje så langt unna der hendinga fann stad. Mannen er i 20-åra og er sikta for medverknad til drap.

Politiet opplyser at dei skadde mennene skal vere i 30- og 40-åra.

Tilstanden til dei to skal framleis vere alvorleg, men dei skal ikkje vera livstruande skadde.

Politiet opplyser at alle dei fire som er involverte så langt, er kjende for politiet frå før.

Stortingsgata er sperret av etter skyting

Stortingsgata er sperra av etter skytinga.

Foto: Stian Drake / NTB

Skotveksling på open gate

Skytinga skal ha skjedd ute på Klingenberggata som er ei sidegate til Stortingsgata.

Metlid stadfestar at konflikten ser ut til å ha starta ved ein utestad i Klingenberggata. Ho omtalar saka som alvorleg då det har vore skyting i offentleg rom.

– Det har vore skotveksling på open gate. Truleg er det ein konflikt som har starta inne på ein bar i Klingenberggata. Så har det gått ut i gatemiljøet, der det er losna skot, fortalde innsatsleiar Magnus Strande til NTB.

Operasjonsleiar Østerhaug streka under at det ikkje er informasjon som tilseier at det er fare for andre personar i området.

– All informasjon vi har til no tyder på at det var eit målretta angrep, og vi jobbar ut frå at det er ein konflikt i eit kriminelt miljø, sa Østerhaug.

Politi på åsted for skyting i Oslo

Politiet er i gang med sporsikring og etterforsking på staden.

Foto: Annika Byrde / NTB

To åstadar

Det var eit stort antal politibilar og væpna politi på staden i natt.

Stortingsgata var sperra av mellom Nationaltheatret og Høyres hus, tvers ovanfor hovudinngangen på Nationaltheatret.

Operasjonsleiar Alexander Østerhaug sa dei har snakka med vitne og innhenta videoovervaking.

– Vi har danna oss et godt bilete av hendinga, men detaljar om dette ønsker eg ikkje å gå inn på no, sa Østerhaug til NRK.

– Kan dette ha skjedd på to stader?

– Det ynskjer eg ikkje gå inn på, men eg kan seie at dei to skadde blei funne separat, om lag 50–100 meter frå kvarandre. Det er difor to område vart sperra av, svara Østerhaug.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger