Hopp til innhold

Tidlegare Ap-ordførar: – Berre Jens kan redde oss

«Raude Herman» Kristoffersen var ordførar i Tromsø i åtte år. No ber han Jens Stoltenberg kome heim og ta over leiarjobben i Arbeidarpartiet.

Herman Kristoffersen

– Når me har sokke så djupt, er det berre Jens som kan redde oss, seier Herman Kristoffersen.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk, SCANPIX

«Kom hjem igjen, Jens. Det er nok nå» skriv Herman Kristoffersen i ein kronikk i avisa iTromsø.

Den tidlegare RV-politikaren er kjend i byen som «Raude Herman» og var profilert ordførar i Tromsø for Ap frå 1999 til 2007. Han meiner Natos generalsekretær Jens Stoltenberg må «legge våpenene på hylla» for å kome heim og ta over som partileiar etter Jonas Gahr Støre.

Kva er det som gjer at du meiner Stoltenberg vil gjere det betre enn Støre?

– Støre var ein fantastisk utanriksminister. Men Stoltenberg er Arbeidarpartiet, han og hans familie er Arbeidarpartiet, seier Kristoffersen.

Stoltenberg, Støre og Giske

Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og tidlegare nestleiar i Ap Trond Giske var alle deltakarar i Dagsnytt 18 5. januar i år.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Jens har svaret

Arbeidarpartiet slit tungt om dagen, og har fått fleire målingar med ein oppslutnad på under 20 prosent. Sist måling Norstadt gjorde for NRK fekk partiet 20,1.

Partibarometer januar 2021

Periode 28/12–2/1. 962 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,1 pp.
R
3,7 %
−1,3
SV
8,9 %
+1,9
AP
20,1 %
−1,1
SP
21,3 %
+1,1
MDG
3,9 %
+0,3
KRF
3,7 %
+1,5
V
2,5 %
−0,2
H
22,6 %
−2,6
FRP
11,3 %
−0,3
Andre
2,0 %
+0,7
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Det er ei rekke grunnar til at Arbeidarpartiet ikkje har klart å løfte seg, trur den tidlegare profilerte ordføraren.

– Me har blitt irrelevante. Kanskje fornyinga av politikken ikkje har gått raskt nok. Men han Jens, han har nok svaret, trur Kristoffersen.

Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg

Redningsmannen: Kristoffersen meiner Stoltenberg er den einaste som kan redde Arbeidarpartiet no.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Jonas Gahr Støre sin rådgjevar seier han ikkje ønskjer å kommentere saka.

Ifølgje Jens Stoltenberg sin kommunikasjonsrådgjevar Sissel Kruse Larsen vil heller ikkje han kommentere utspelet.

– Stoltenberg har fullt fokus på oppgåva som generalsekretær i Nato, der han er utnemnd fram til 1. oktober 2022. Då han blei utnemnd i 2014 gjekk han ut av norsk politisk debatt og har ikkje gått inn i den sidan, seier ho til NRK.

Nyttar ikkje med Jonas

– Viss partiet skal løfte seg igjen, nyttar det ikkje med han Jonas, då må me ha Jens, seier Kristoffersen.

I kronikken skriv Kristoffersen at det ikkje er noko gale med Støre, men skriv også at han trur Støre ikkje likar tanken på å vere statsminister.

«Han ler aldri og smiler sjelden. Driter seg aldri ut og har alle svar på løpende bånd. Som om han var en båndopptaker, selv når han tar trikken uten penger.»

Ingen av fylkesleiarane i Ap som NRK har snakka med denne veka, meiner at ein treng å bytte ut partileiaren no.

  • Les også politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, si analyse av kva som er grunnen til at Ap slit på målingane her.

Jens Stoltenberg var statsminister i Noreg frå 2000 til 2001 og frå 2005 til 2013. Han leia Arbeidarpartiet frå 2002 fram til Støre tok over i 2014. 1. oktober 2014 blei han utnemnt som generalsekretær i Nato. Hans noverande åremål går ut 1 oktober 2022.

Realistisk?

Kristoffersen er ifølgje Wikipedia utdanna blekkslagar, og har arbeida som feier før han blei ordførar. No er han pensjonist og spaltist i iTromsø. På spørsmål om det kan vere noko realisme i forslaget hans, svarar han:

– Det veit eg ingenting om.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger