«Vi opplever jo nå at det kan sås tvil om tryggheten i Oslo nå og skjønner ikke at politiet kunne være i tvil om at dette ble et stort arrangement.»
Det skreiv kommunikasjonssjef i Oslo kommune, Hanne Gjørtz til kommunikasjonsdirektør Siv Meisingseth i Oslo politidistrikt 27. juni.
Tekstmeldinga vart sendt etter at politiet tilrådde å avlyse ei støttemarkering måndagen etter at to personar vart drepne og 21 personar skadd under masseskytinga i Oslo natt til laurdag 25 juni.
Dagbladet omtalte tekstmeldingane først. NRK har og fått innsyn i kommunikasjonen mellom dei to etter masseskytinga.
Anbefalte avlysing: Tusenvis møtte opp
Prideparaden 25. juni vart avlyst etter tilrådingar frå politiet. Fleire tusen samla seg likevel i Oslos gater for å gå ruta til den avlyste pride-paraden.
Før det var kjent at pride ville bli avlyst opplyste politiet om dette til kommunikasjonssjefen i Oslo kommune.
Gjørtz svarte «det høres ikke klokt ut».
SMS-korrespondanse mellom kommunikasjonssjef i Oslo, Hanne Gjørtz, og Siv Meisingset og i Oslo politidistrikt laurdag 25. juni.
Foto: Montasje av Daphe Steketee / Oslo Kommune/ NRKMåndagen etter skulle ulike skeive organisasjonar etter planen ha ei markering på Rådhusplassen. Markeringa skulle bestå av talar og musikalske innslag.
– Eg vil verkeleg oppfordre Oslo-folk til å komme hit. Det er ei solidaritetsmarkering, og vi vil slå ring rundt det skeive miljøet, sa byrådsleiar Raymond Johansen til NRK søndagen før det planlagde arrangementet.
Men heller ikkje dette arrangementet vart noko av.
Politiet meinte det ikkje var trygt
Dagen etter tilrådde politiet arrangørane om å utsetje støttemarkeringa.
– På bakgrunn av informasjon frå PST og at det skeive miljøet er ein del av fiendebildet til ekstreme islamistar, er politiets klare anbefaling at kveldens pride-arrangement i Oslo utsettast og eventuelt andre pride-arrangement andre stader i landet, blir vurdert utsett inntil vidare, sa Politidirektør Benedicte Bjørnland.
– Vi har vore i kontakt med arrangør tidlegare. Da var det snakk om ei liten markering. Nå har det utvikla seg til ei veldig stor markering. Vi anbefaler at det ikkje gjennomførast, sa Martin Strand, leder for felles operativ teneste i politiet, til NRK.
Minnemarkering på Rådhusplassen måndag 27. juni etter terrorangrepet i Oslo. På grunn av ein uavklart trusselsituasjon gjekk politiet tidlegare på dagen ut med ei tilråding om at pride-arrangement i Oslo blir avlyst då dei ikkje kan garantere for tryggleiken. Mange valde likevel å møte opp.
Foto: Annika Byrde / NTBAvlysinga førte til sterke reaksjonar.
– Eg ble veldig skuffa og overraska over at politiet forsøker å avlyse i staden for å gjere alt de kan for å beskytte denne viktige solidaritetsmarkeringa, skreiv ein av dei som reagerte.
Etter tilrådinga frå politiet, bad Johansen folk om følgje dette rådet frå politiet.
– I ettermiddag har politiet komme med nye råd, og bede Oslo pride utsette sitt arrangement på Rådhusplassen i kveld. Dette tar Oslo kommune til etterretning, og som byrådsleiar ber eg folk følge politiets råd, skreiv han på Facebook.
På sms diskuterte kommunikasjonsjefane korleis avlysninga vart kommunisert ut til folk.
SMS-korrespondanse mellom kommunikasjonssjef i Oslo, Hanne Gjørtz, og Siv Meisingset og i Oslo politidistrikt.
Foto: Oslo KommuneTok pressekonferanse «på sparket»
Same ettermiddag sende kommunikasjonssjefen i Oslo kommune ein sms-en der ho stilte seg spørjande til korleis politiet kunne vere i tvil om at støttemarkeringa ville tiltrekkje seg mange folk.
Dette vart sagt på ein pressekonferanse som vart «tatt på sparket» forklarar Meisingseth I SMS-korrespondansen.
Trass i politiet og tilrådingane til kommunen valde mange menneske å samle seg til ei pridemarkering denne kvelden.
SMS-korrespondanse mellom kommunikasjonssjef i Oslo, Hanne Gjørtz, og Siv Meisingset og i Oslo politidistrikt.
Foto: Oslo kommune– Ein veldig uavklart situasjon
Kommunikasjonsdirektør Siv Meisingseth i Oslo politidistrikt seier ho ikkje har nokon kommentar til tekstmeldingane utover følgjande.
– Det var ein dialog vi hadde då vi stod i ein veldig uavklart situasjon. Politiet og kommunen har til vanleg ein god og open dialog og dette er eit eksempel på det, seier ho.
Hanne Gjørtz i Oslo kommune seier ho ikkje har noko å tilføye om kommunikasjonen med politiet utover at kommunikasjonen mellom politiet og kommunen er god.
– Eg har ein god og open dialog med Oslo politidistrikt, basert på gjensidig tillit, seier ho.
Når det kjem til at ho omtalte avlysinga av pride som uklok, påpeikar ho at denne SMS-en vart sendt tidleg på morgonen laurdag i ein relativt uoversiktleg situasjon.
– Det er sjølvsagt politiet som gjer vurderingar av sikkerheit. Eg syns berre det var utruleg trist å høyre. Mange, meg sjølv inkludert, hadde tenkt å gå i pride, og min kommentar til avlysinga kom spontant da eg fekk informasjonen frå Oslo politidistrikt, seier Gjørtz til NRK.